Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Statsråden varslar ei uavhengig gransking av brannfarlege piper bygde mellom 1969 og 1987.
Kva framdrift legg departementet til grunn i dette arbeidet?
Begrunnelse
Senterpartiet er svært nøgd med at departementet tek denne saka på alvor. Noreg ligg urovekkjande høgt når det gjeld talet på bustadbrannar. Det er viktig med ein rask, men samstundes grundig gjennomgang for å sikra nødvendig førebygging og oppfølging. Det er no over 5 månader sidan statsråden i svar til underteikna svara at ho ville gje tilbakemelding til Stortinget våren 2004. Eg registrerer at så ikkje skjer og at statsråden no vil gå grundigare til verks enn først tenkt. Eg gir mi støtte til ei uavhengig nemnd og meiner dei må ha både den tida dei treng og dei ressursane dei har behov for. Eg vonar statsråden kan stadfesta at ho stiller ressursar til disposisjon og at resultatet av nemnda sitt arbeid kan handsamast av Stortinget i samband med statsbudsjettet for 2005.