Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:725 (2003-2004)
Innlevert: 28.05.2004
Sendt: 28.05.2004
Besvart: 03.06.2004 av forsvarsminister Kristin Krohn Devold

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Vil forsvarsministeren setja i verk ombygging av hovudmotorane på kystvaktskipa våre som fører til reduksjon av både drivstoff forbruket, NOx- og CO2-utsleppa?

Begrunnelse

Det er ein målsetnad og også ei plikt Noreg har, jf. Kyoto-avtalen, at utslepp av NOx og CO2 skal reduserast. Forsvaret kan bidra ved å byggja om hovudmotorane på kystvaktskipa "Nordkapp", "Senja" og "Andenes" til LavNOx.
Når det gjeld NOx, er Noreg forplikta internasjonalt til ikkje å overstiga utsleppsnivået frå 1987, samt at me har eit nasjonalt mål om å redusera utsleppa med 30 pst. frå 1986-nivå innan 2010.
Ombygging av hovudmotorane på Nordkapp-klassen, kan årleg gje ei innsparing på NOx på 648 000 kg, eller 30 pst. For CO2 er innsparinga på 5 148 000 kg eller 7 pst. På drivstoff sida kan innsparinga bli på 1 620 000 kg eller 7 pst. Desse tala kjem fram frå oppnådde resultat på tilsvarande motorar som alt er ombygde. I tillegg til desse resultata kan motoren si levetid auka med opp til 10 år og vedlikehaldsutgiftene vert reduserte.

Kristin Krohn Devold (H)

Svar

Kristin Krohn Devold: Det blir vist til spørsmål frå stortingsrepresentant Rita Tveiten til forsvarsministeren om ho vil setje i verk ombygging av hovudmotorane på våre kystvaktskip for å redusere drivstofforbruket, NOx- og CO2-utsleppa.
Ombygging av hovudmotorane på Nordkapp-klassen er eit av mange investeringsbehov Kystvakta har identifisert og har i sine planar. På investeringssida i Forsvaret er det dei næraste åra ein svært pressa situasjon for prioritert materiell - og ombygging av hovudmotorane på Nordkapp-klassen kystvaktfartøy har ikkje nådd opp i denne samanhengen. Det er ikkje tatt noka endeleg avgjersle på levetida til denne fartøyklassen, og eg vil difor først ta stilling til ei slik investering, innanfor svært tronge rammer, når ei slik avgjersle er tatt.
Nordkapp-klassen blei bygt tidleg på 80-talet, og krav til utslepp frå skip på den tida var ikkje så strenge som i dag. Ved ei framtidig utskifting av eksisterande materiell, vil miljøkrava til mellom anna luftutslepp bli gjort gjeldande også for fartøya i Kystvakta.
Det er eit mål at Forsvaret skal redusere utslepp til luft, mellom anna klimagassar, utan å kome i konflikt med operative krav. Dette er ønskjeleg å få til, for mellom anna å medverke til at helse og miljø ikkje blir skadelidande. Når det gjeld eksisterande materiell, og spesielt eldre materiell, vil økonomiske faktorar vere avgjerande for investering i ny teknologi for å redusere miljøfarlege utslepp. Nordkapp-klassen reknar ein med har ei levetid til omkring 2015. Det kan også skje at ein vil forlenge levetida til Nordkapp-klassen. Ei avgjersle om dette vil bli tatt i løpet av komande planperiode. Dersom levetida til fartøya blir forlengd, vil det vere føremålstenleg å byggje om motorane, både for å redusere driftsutgiftene og tilfredsstille miljøkrava.
Det er, på den andre sida, meir kostnadseffektivt å tilpasse gode tiltak for nytt materiell tidleg i planleggingsfasen. Forsvaret skal difor søkje å finne framtidsretta og gode løysingar for miljøet, og naturlegvis skal vi oppfylle alle lovpålagte krav for nytt materiell.
Dei nye fregattane, Fridtjof Nansen-klassen og KV "Svalbard", tilfredsstiller alle miljøkrava.