Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helseministeren

Dokument nr. 15:755 (2003-2004)
Innlevert: 04.06.2004
Sendt: 04.06.2004
Besvart: 15.06.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kva råd kan statsråden gi til ein kommune som har måtta tilsetje eit vaktselskap for å sikre dei tilsette mot ein bebuar dei har omsorg for og som opptrer trugande og valdeleg?

Begrunnelse

NRK Rogaland har denne veka hatt ei sak som illustrerer korleis ein kommune kan bli sitjande med eit nærast uoverkommeleg ansvar på eit område der det trengst ei tydeleg rettleiing og ei konkret ansvarsfordeling. Saka gjeld ein person med meir enn hundre lovbrot og der Arbeidstilsynet har gripe inn for å verne dei tilsette. Kommunen har bedt om råd og hjelp frå ulike instansar, m.a. frå Sosial- og helsedirektoratet, men vert sitjande med ein slags "Svarte-Per". Kommuneleiinga er påført eit svært menneskeleg ansvar, kommunen har også store kostnader og mykje arbeid med å få til praktiske løysingar som held mål. Lov om særreksjonar er innført frå 2002. Eg ber statsråden sjå på kva han kan gjere, ev. i samband med justisministeren for å sikre einskildpersonar, kommunetilsette og lokalsamfunn betre enn i dag.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Dei strafferettslege særreaksjonane er aktuelle overfor dei som er strafferettsleg utilreknelige. Som strafferettsleg utilreknelig reknes etter straffelova § 44 dei som på gjerningstidspunktet var "sinnssyk eller bevisstløs". Når det gjeld tilreknelige lovbrytarar, vil desse være kriminalomsorgas ansvar.

Denne saken illustrerer dei problem som kan oppstå når ein lovbrytar er i skjeringspunktet mellom dei to systema. Både ein plassering i fagenheten for utilreknelige psykisk utviklingshemma eller i ein ordinær fengselsanstalt vil kunne representere eit overgrep overfor menneskjer i dette skjeringspunktet.

Justisdepartementet og Helsedepartementet er kjent med at denne type problemstilling kan oppstå frå tid til annen. Regjeringa har derfor nedsett ein arbeidsgruppe for å gjennomgå dette problemkomplekset. Målet er å finna treffsikre løysingar som både tek vare på samfunnets og den einskildes behov.