Øyvind Korsberg (FrP): Sjøfartsdirektoratet fjerna gebyrfritaket for inspeksjonar knytt til sertifikatutsteding mv. på verneverdige fartøy i 2002. Fritaket er nedfelt i Sjøfartsdirektoratets gebyrforskrift, FOR nr. 115. Gebyrfritaket vart oppheva utan at forskriftene var endra. Dette gjev ein meirutgift på om lag 1 mill. kr for flytande kulturminnar, og det oppfattast som urettferdig at gebyr utarbeida for handelsflåten skal gjelde ideelle tiltak.
Vil statsråden gripe inn og sikre at verneverdige fartøy slepp gebyret?
Begrunnelse
Formåla for drifta av de verneverdige fartøya er ideelle, ikkje kommersielle. Drifta av fartøya gjev unike moglegheiter til kulturformidling og eigeninntjening til vernearbeidet.
Det er dei frivillige som gjennom utallige dugnader utgjer fartøyvernets bærebjelke. Statlige gebyr verkar i så måte umotiverande og frustrerande for dei som brukar av si fritid til å ta vare på vår kulturelle arv og motarbeidar slik sett frivilligheita.
Gebyr rammer kystens kulturminnar da de utgjør ein merkbar økonomisk belastning for de enkelte fartøya. Størrelsen varierer mellom ulike fartøy og antall inspeksjonar. Kravet til "Skibladner" for i år er på hele 32 326 kr, mens det for "Anna Rogde" er 9 719 kr. Totalt utgjer gebyra frå de verneverdige fartøya rundt 1 mill. kr. Dette er ein høy kostnad for de frivillige som skal skaffe pengane til veie gjennom dugnad. Effekten gebyret har for fartøyvernet blir begripelig når det regnast om til dugnadstimar: Med dugnadstimar verdsett til 200 kr, må de frivillige jobbe 5 000 timer for å tena 1 mill. kr!
Norsk Forening for Fartøyvern søkte Sjøfartsdirektoratet om gebyrfritak både i 2003 og 2004, men søknadene er ubehandla pr. dags dato.
Det vises dessutan til oppslag i Harstad Tidende 1. juni 2004 (http://www.ht.no/-/45?sak=1046762).