Åsa Elvik (SV): Meiner statsråden at der det er avvik mellom postadressa og forretningsadressa til fiskeriselskap, så er det forretningsadressa som avgjer kor farty skal vere registrerte, og kva er i så fall bakgrunnen for at Fiskeridepartementet omgjorde Fiskeridirektoratet sitt avslag på søknaden om dispensasjon frå deltakarlova til det tromsøbaserte reiarlaget Barents Havfiske AS, slik at dei fekk eige 100 pst. av aksjane i Barents Eagle AS, medan fartyet samtidig fekk vere registrert i Finnmark?
Begrunnelse
I avisa Fiskaren den 11. juni 2004 går det fram at Fiskeridirektoratet den 21. august 2002 avslo ein søknad om sal av Karl Gustav Sivertsens 51 pst. eigardel i Barents Eagle AS til Barents Havfiske AS. Barents Eagle har ein einingskvote med binding til Finnmark. Den 14. oktober 2002 sa mellombels Fiskeridepartementet ja til søknaden om dispensasjon frå deltakarlova til Barents Havfiske AS, som dermed fekk eige 100 pst. av aksjane i Barents Eagle AS. Fartyet fekk også vere registrert i Finnmark, trass i at Barents Havfiske AS har forretningsadresse i Tromsø.
Fiskaren skriv den 16. juni 2004 at Fiskeridirektoratet legg til grunn at der det er avvik mellom postadressa og forretningsadressa til eit selskap, så skal forretningsadressa leggast til grunn for kor fartya til selskapet skal vere registrerte. Fiskeridirektoratet meiner altså at eit farty ikkje kan bli registrert i ein annan kommune enn der eigarane høyrer heime. Dette er i tråd med intensjonen i gjeldande lovverk på området.