Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helseministeren

Dokument nr. 15:807 (2003-2004)
Innlevert: 18.06.2004
Sendt: 18.06.2004
Besvart: 25.06.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Regjeringa har nedsett ei gruppe som gjennomgår problemkomplekset "særreaksjonar".
Kva framdrift har gruppa for arbeidet sitt, og er det lagt opp til at gruppa kan ha kontakt med kommunane i aktuelle saker og gi råd undervegs?

Begrunnelse

Eg viser til svar på skriftlig spørsmål nr. 755 (2003-2004). Spørsmålet galdt ein akutt situasjon akkurat no. Det vart frå spørjaren vist til at kommunen har søkt råd m.a. hos Sosial- og helsedirektoratet, utan få hjelp. Eg veit det vil vera av avgjerande verdi at kommunen kjenner seg høyrt. Eg er tilfreds med at Regjeringa har sett ned ei gruppe, men vonar at statsråden kan medverka til at gruppa også kan arbeida utadretta. Det er vel berre dersom ein vitjar grasrota, ein verkeleg kan vurdera dette feltet. Eg ber statsråden stadfesta at gruppa tek kontakt med den aktuelle kommunen.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Som dåverande helseminister Dagfinn Høybråten skreiv i sitt svar av 15. juni 2004, omhandlar spørsmålet ei problemstilling som er kjent i Helsedepartementet og Justisdepartementet. Departementa har blitt gjort kjent med problemstillinga gjennom sin ordinære kontakt med kommunane, tenestene og politiet. Dette er årsaka til at Regjeringa har satt ned ei arbeidsgruppe for å vurdere spørsmålet i relasjon til særreaksjonane.
Denne gruppa er ei interdepartemental arbeidsgruppe som arbeider innafor korte fristar. Det er ikkje lagt opp til at gruppa skal arbeide utadretta. Gruppas vurdering vil danne grunnlag for Regjeringas vidare handsaming av dette spørsmålet.
Når det gjeld den aktuelle saka frå Rogaland, har eg blitt gjort kjent med at saka hans nå skal opp for domstolen. Om domstolen kommer til at mannen er strafferettsleg utilreknelig, vil han kunne dømmast til særreaksjonen tvungen omsorg. Om domstolen kommer til at mannen er strafferettsleg tilreknelig, er det dei ordinære, strafferettslige reaksjonane som vil være aktuelle.