Bjørn Jacobsen (SV): Kor mykje bidreg Noreg med i støtte til frivillige organisasjonar NGO'ar som arbeider med tsjetsjeniakonflikten, og kva er grunnen til at ein frå norske myndigheiter ikkje ser seg råd til å følgje løpet heilt ut med å støtte fase 3 av fredsbyggingsprosjektet for Russland og Tsjetsjenia i regi av den norske frivillige organisasjonen Senter for konflikthåndtering og fredsbygging?
Begrunnelse
Noreg har engasjert seg på fleire plan for å bidra til løysing av konflikten i Tsjetsjenia. Eit viktig område å arbeide vidare innafor er støtte til alle frivillige organisasjonar og moderate grupperingar som prøver å bidra til mellom anna kontaktskapande arbeid mellom partane. I Stortingets interpellasjonsdebatt tidlegare i år stod dette arbeidet fram som noe ein kunne arbeide vidare med. To eksemplar er russiske Memorial og organisasjonen Chechnya Justice Initiative. Frå norsk side har mellom anna Senter for konflikthåndtering og fredsbygging, CCM, hatt gåande eit samarbeid med russiske og tsjetsjenske frivillige organisasjonar finansiert av mellom anna norske og canadiske myndigheiter. Etter som eg forstår held Canada fram med støtta, mens Noreg ikkje vil delta økonomisk i den siste fasen av dette prosjektet.