Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:854 (2003-2004)
Innlevert: 01.09.2004
Sendt: 01.09.2004
Rette vedkommende: Helse- og omsorgsministeren
Besvart: 10.09.2004 av helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Etter initiativ frå Senterpartiet gjorde Stortinget 1. april 2003 vedtak om å be Regjeringa føreta ein gjennomgang av aktuelt lovverk for å sikra ein betre praksis enn i dag på rusfeltet når det gjeld forholdet mellom personvern, taushetsplikt og varslingsplikt.
Kva er status i dette arbeidet, og korleis er framdrifta?

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Spørsmålet vart overført frå arbeids- og sosialministeren.
I mandatet til lovutvalet som er nedsett for å greie ut harmonisering av den kommunale helse- og sosiallovgjevinga, blei det understreka at utvalet også skal sjå på forholdet mellom personvern, teiingsplikt og varslingsplikt. Innstillinga frå utvalet er derfor avgjerande for departementets oppfølging av Stortingets vedtak.
Lovutvalet vil leggje fram si innstilling i oktober i år. Vidare oppfølging av Stortingets vedtak vil bli ein del av departementets handsaming av innstillinga. Innstillinga vil bli sendt ut på høyring på ordinær måte.
Eg kan ikkje no vera meir konkret på korleis den vidare oppfølginga vil bli. I alle høve vil eg sikra meg at Stortingets vedtak blir fulgt opp på eit forsvarleg vis i det vidare arbeidet. I dette arbeidet vil også erfaringane frå rusreforma bli vurdert.