Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:855 (2003-2004)
Innlevert: 01.09.2004
Sendt: 01.09.2004
Besvart: 10.09.2004 av helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kva er Regjeringa sin politikk når det gjeld anbodsutlysing av behandling mot rusmiddelmisbruk?

Begrunnelse

Eg viser til svar frå statsråden på spørsmål frå underteikna der det m.a. heiter: "Denne prosessen (i Helse Øst) vil bli gjennomført i tråd med unnataket i EØS-kravet om anbodsrundar i høve til private aktørar."
Helse Øst opptrer ikkje i samsvar med dette. Eigaravdelinga i departementet gir føretaket medhald i at dei har høve til å gjera unntak, men at det er ein "kan-bestemmelse". Eg ber statsråden klargjera kva som er Regjeringa sitt syn, og kva følgjer dette får for den prosessen Helse Øst har sett i gong.

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Eg vil fyrst vise til at eg i svaret av 1. juli 2004 på skriftleg spørsmål nr. 819 frå representanten Magnhild Meltveit Kleppa kort gjorde greie for den sentrale rolla som dei private aktørane har i samband med innføringa av rusreforma. Som eigar har departementet òg understreika i styringsdokumentet til dei regionale helseføretaka at dei private aktørane skal handsamast på eit ryddig vis. Dette er for meg særleg viktig å tydeliggjera av di dei private aktørane omfattar om lag 50 pst. av den totale behandlingskapasiteten for rusmiddelmisbrukarar som spesialisthelsetenesta tilbyr, når døgnplassar og polikliniske tenester blir sett under eit.

Eg vil kort beskrive sakshandsaminga, for å gje eit meir utfyllande bilete av kva Helse Øst RHF har gjort i denne saka.

Med omsyn til dei private aktørane som var omfatta av rusreforma i Helse Øst, var det 23 institusjonar med i alt 30 avtalar som Helse Øst trådde inn i frå 1. januar 2004. Av desse gjekk 17 avtalar ut i 2003. Desse vart varsla oppseiing 1. april 2004, men blei samstundes forlenga ut inneverande år utan då å verta sett ut på anbod. Vidare var det 5 avtalar med eit års oppseiingstid og 3 avtalar med 2 års oppseiingstid. Desse i alt 8 avtalane vart òg sagt opp frå 1. april 2004, slik at det vart totalt 25 avtalar som blei sagt opp frå 1. april 2004.

Ved gjennomføringa av rusreforma var det dei regionale helseføretaka som trådde inn i dei avtalane fylkeskommunane hadde inngått med dei private aktørane. Som fylje av dette var desse avtalene etter Helse Øst si vurdering ikkje føremålstenelig blant anna av di Helse Øst hadde eit langt større område dei hadde ansvar for enn kva fylkeskommunane hadde.

Den 8. juni 2004 inviterte Helse Øst til ei open høyring med alle dei private aktørane som hadde fått sine avtalar forlenga og andre private interessentar. Her la Helse Øst fram korleis dei tenkte seg den vidare prosess for avtaleinngåingar, og at alle som ynskje dette var velkommen til å ta del i prosessen vidare. Det blei på dette møtet opplyst at Helse Øst ville setta fristen for konkurranse med forhandlingar innan 30. august 2004. Helse Øst sitt føremål med ein slik framgangsmåte var å sikre at alle dei private aktørane som hadde ynske om det skulle få høve til å delta i dei forhandlingane som ville finne stad etter 30. august. Ein slik prosess ville òg legge forholda til rette for ein vidare dialog med dei private.

Somme av deltakarane ved høringa meinte fristen for innlevering av anbod 30. august var for kort. På høyringa kom det elles ikkje fram grunnleggande innvendingar mot den vidare prosess i anbodsrunden som Helse Øst la opp til.

Ved å invitere til konkurranse ved forhandlingar ville alle som har ynske om det, få høve til å taka del i forhandlingane på like vilkår. Føremålet med ein slik framgangsmåte har frå Helse Øst si side vore å fokusere på kvalitet, tilgjenge, fleksibilitet, heilskap, openheit og pris for å få til dei beste behandlingstilboda for rusmiddelmisbrukarane.

I det løypande arbeide for å skaffa til veie nok behandlingsplassar, har Helse Øst sidan nyttår føretatt direktekjøp av behandlingsplassar utan å setja desse kjøpa ut på anbod. Ved 4 høve har dei difor nytta seg av si rett til unnatak frå anbodsreglane. Denne retten til direktekjøp hadde ikkje vert mogeleg, dersom det ikkje hadde vore unnatak frå dei gjeldande anbodsreglane for kjøp av tenester frå ideelle organisasjonar.

Helse Øst har i denne saka ikkje ynskt å kvitta seg med nokon avtalepart. I røynda visar denne framgangsmåten at alle dei private er tekne godt omsyn til, og på like vilkår.

Om Helse Øst ikkje hadde vald denne framgangsmåten, men i staden nytta unnataket for innkjøp frå private ideelle organisasjonar, kunne Helse Øst ha føretatt direkte innkjøp frå dei institusjonane dei valde å inngå nye avtalar med, utan å sette opne vilkår for utveljinga. Då ville heller ikkje dei private institusjonane ha åtgang til å klage, noko dei no har om dei meiner Helse Øst har handla i strid med konkurransereglane.

Som det går fram av utgreiinga av saksgangen ovafor, er denne innafor det som vart vedteke i Statsråd 30. januar 2004 "Fastsettelse av endringar av forskrift 15. juni 2001 om offentlige anskaffelser - innføring av midlertidig unntak ved kjøp av helse- og sosialtjenester fra ideelle organisasjoner". Den aktuelle bestemminga inneberer som kjend ikkje eit forbod mot å fylja prosedyrane for anbod som gjeld for innkjøp ved anbodskonkurranse og for innkjøp ved konkurranse ved forhandlingar, slik som også Helse Øst har gått fram i denne saka.

Regjeringa si politikk på dette området er uendra. Ut frå ei samla vurdering finn eg at Helse Øst har handsama denne saka på ei rettvis måte, og innafor dei rammevilkåra som dei regionale helseføretaka har i samanhenger som denne.

Til slutt vil eg seia meg samd med representanten Magnhild Meltveit Kleppa at det er særs viktig å ivareta dei private aktørane innan rusfeltet. Ei prioritert oppgåve i denne samanhengen er å få til betre samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunane. Dette er òg eit sentralt element som Helse Øst vil leggje serleg vekt på i forhandlingane fram mot årsskiftet med alle dei private aktørane som har meldt frå om at dei ynskjer å taka del i desse forhandlingane.