Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:886 (2003-2004)
Innlevert: 08.09.2004
Sendt: 08.09.2004
Besvart: 16.09.2004 av helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Administrerande direktør i Helse Førde har tilsett ein tidlegare kollega som ny økonomidirektør i Helse Førde. Stillinga var ikkje lyst ut. I staten og kommunane er det lovfesta at stillingar skal lysast ut, men ikkje, etter det eg forstår, i statlege føretak.
Kva er helseministeren sitt syn på at tilsetjingar av sentrale stillingar i eit helseføretak skjer utan utlysing, og vil helseministeren legge fram forslag om å lovfeste utlysing av stillingar i helseføretaka?

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Det er riktig som representanten Røys viser til, at det ikkje er lovfesta at stillingar i dei regionale helseføretaka skal lysast ut, jf. helseføretakslova § 5. Helseføretaka er likevel omfatta av forvaltingslova og dei ulovfesta prinsippa i forvaltingsretten, som krava om å vise god forvaltingsskikk og drive forsvarleg sakshandsaming. Desse prinsippa er relevante for helseføretaka si sakshandsaming, og dei er med det og førande i sakar om tilsetjing.

Tilsetjing utan utlysing vil i dei fleste tilfella ikkje vere i tråd med god forvaltingspraksis. Det er òg uheldig i høve til den sentrale samfunnsposisjonen som dei regionale helseføretaka har. Dei forvaltar store offentlege ressursar, og dei er avhengige av tillit og legitimitet både i befolkninga og i eige organisasjon. Ein profesjonell styringskultur prega av integritet og god forvaltingsskikk er ein viktig premiss for å sikre tryggleik og tillit til helseføretaka. Tilsetjing utan utlysing bør difor ikkje skje med mindre det ligg føre særskilde årsaker til dette.

Helse Vest og helseføretaka i regionen har overordna retningsliner, om at alle ledige stillingar skal lysast ut og at god forvaltingspraksis skal følgjast. Eg har motteke ein særskild rapport om situasjonen i Helse Førde og dei prosessar og vurderingar som ligg til grunn for tilsetjing i stillinga som økonomidirektør. Det er i svaret frå Helse Vest vist til tidligare erfaringar der stillinga har stått ledig lenge, siste gong 7,5 månader etter to utlysingar, og dei utfordringar det ville føre til for helseføretaket med ei ny periode utan fast tilsett økonomidirektør. Ut frå dette, og etter mellom anna intervju der og tillitsvalde var med, avgjorde administrerande direktør at den aktuelle kandidaten skulle få tilbod om stillinga, med løns- og arbeidsvilkår lik dei den nåverande økonomidirektør var tilsett på.

Eg har forvissa meg om at Helse Vest vil følgje opp overfor helseføretaka i regionen om det er behov for serskilte tiltak, for å sikre at dei overordna retningslinene om utlysing av ledige stillingar blir følgde, i tråd med god forvaltingspraksis.