Skriftlig spørsmål fra Åsa Elvik (SV) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:904 (2003-2004)
Innlevert: 13.09.2004
Sendt: 13.09.2004
Rette vedkommende: Moderniseringsministeren
Besvart: 21.09.2004 av moderniseringsminister Morten Andreas Meyer

Åsa Elvik (SV)

Spørsmål

Åsa Elvik (SV): Fylkesmannen i Nordland har beslutta å flytte landbruksavdelinga si verksemd frå Mosjøen til Bodø.
Vil statsråden sørgje for at avdelinga blir i Mosjøen, slik Landsbruksdepartementet bestemte i 1994?

Begrunnelse

I 1994 bestemte Landbruksdepartementet at det skulle vere eit avdelingskontor for landbruksavdelinga i Nordland i Mosjøen. I brev av 27. oktober 1994 fra Statsministerens kontor blei dette fastslått:

"Landbruksdepartementet har besluttet at landbruksavdelingen i Nordland skal besitte både- jord- og skogfaglig kompetanse, og at ledelsen skal være sammen med fylkesmannen. Med vekt på lokale uttalelser i saken, har man videre besluttet at det skal opprettes et avdelingskontor i Mosjøen med både jord- og skogfaglig kompetanse. Ingen av de ansatte ved avdelingskontoret i Mosjøen vil bli sagt opp."

1. juli 2004 vedtok fylkesmannen i Nordland likevel å flytte kontoret i Mosjøen til Bodø. Grunngjevinga som er gitt offentlig er behovet for innsparingar. Det er frå Vefsn kommune si side stilt spørsmål ved innsparingspotensialet på lang sikt i å flytte avdelinga til Bodø, og dei viser mellom anna til at husleigenivået er dobbelt så høgt i Bodø som i Mosjøen.
Desentralisering av statlege arbeidsplassar er ei omforeint politisk målsetjing, og det framstår noko underleg at staten i form av fylkesmannen i Nordland kan vedta å flytte ei avdeling frå Mosjøen til Bodø - i strid med det Landsbruksdepartementet i si tid bestemte.

Morten Andreas Meyer (H)

Svar

Morten Andreas Meyer: Spørsmålet vart overført frå landbruks- og matministeren.
Fylkesmannen i Nordland er den øvste verksemdsleiaren i sitt embete og har ansvaret for at verksemda blir drevi effektivt med høg måloppnåing i høve til dei krava som departementet stiller. Embetet får ei rammetildeling over statsbudsjettets kap. 1510. Eg legg til grunn at fylkesmannen på sitt ansvarsområde disponerer ressursane og organiserer verksemda på ein måte som sikrar ei best mogeleg forvaltning og best mogelege tenester til innbyggarar og næringsliv, også skogbruksnæringa, i Nordland.
Eg vil også understreke at ansvaret for den typen organisasjonsendring som fylkesmannen nå vil gjere, ligg innafor verksemdsleiar, dvs. fylkesmannens, myndigheitsområde. Dette er i tråd med prinsippa om delegering og desentralisering av ansvar og myndigheit som er grunnleggande i Regjeringa sitt arbeid for modernisering av offentleg sektor.
I grunngjevinga for spørsmålet blir det vist til brev av 27. oktober 1994 frå Statsministerens kontor med omtale av eit vedtak i Landbruksdepartementet der det m.a. heiter at "Med vekt på lokale uttalelser i saken, har man videre besluttet at det skal opprettes et avdelingskontor i Mosjøen med både jord- og skogfaglig kompetanse". Ein kan i denne samanhengen ikkje sjå bort frå grunnlaget for reforma, St.meld. nr. 40 (1991-92) Frå sektoretatar til samfunnsetatar, som Stortinget seinare slutta seg til. I denne meldinga går det fram at ein ønskjer ei samlokalisering av landbrukskontora med resten av embeta etter at fylkeslandbrukskontora ansvarsmessig blei lagde inn under fylkesmannen og at dette "skal gjerast over tid, etter som tilhøva ligg til rette for det".
Eg legg til grunn at verksemdsleiarane lokalt er best i stand vil å vurdere dette.