Skriftlig spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:942 (2003-2004)
Innlevert: 20.09.2004
Sendt: 20.09.2004
Besvart: 24.09.2004 av nærings- og handelsminister Børge Brende

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Stortinget vedtok i samband med statsbudsjettet for 2004 å vidareføre NOx-reduksjonsprogrammet, og det vart løyva 10 mill. kr til dette.
Kva er erfaringa med programmet så langt, og kor mange har nytta seg av moglegheitene til å søke om midlar?

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Eg viser til spørsmål om erfaringa med NOxRED-programmet og kor mange som har nytta seg av dette. Sjøfartsdirektoratet har utarbeidt retningsliner for ordninga, og desse retningsliner var ferdige i april i år. Vidare har ordninga vore til behandling i Miljøverndepartementet for ei miljøteknisk godkjenning der. Utforminga av retningslinene for programmet vorte ferdigstilt i juni i år.
Dette er ei støtteordning, og skal derfor notifiserast til og godkjennast av EFTAs overvakingsorgan ESA. Det kan ikkje utbetalast midlar frå ordninga før den er godkjend av ESA. Notifiseringa av ordninga er under arbeid i Nærings- og handelsdepartementet og skjer parallelt med at Sjøfartsdirektoratet behandlar søknader.
NOxRED-programmet vart av Sjøfartsdirektoratet utlyst i Norsk lysingsblad den 14. september 2004. Same dag sende direktoratet ut rundskriv til alle aktuelle reiarlag og relevante organisasjonar. Søknadsfristen er sett til 8. oktober 2004. Det er pr. i dag kome inn 11 søknader til Sjøfartsdirektoratet.
Ved stortingsvedtak 18. juni 2004 vart det vedteke å opne for overføring av løyvingane under kap. 907 post 72, jf. St.prp. nr. 63 og Innst. S. nr. 250 (2003-2004). Utbetalingar til ordninga vil difor også kunne gjerast i 2005.