Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:952 (2003-2004)
Innlevert: 22.09.2004
Sendt: 23.09.2004
Besvart: 04.10.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden ta initiativ til ei orientering for Stortinget om Regjeringa si handtering av ureturnerbare asylsøkjarar med avslag på søknadene sine?

Begrunnelse

Gjennom media er det gjort kjent at fleire kommunar vurderer å sikra ureturnerbare asylsøkjarar høve til mat og losji, ei ordning som før 1. januar 2004 var eit statleg ansvar. Det har og kome fram at Arbeids- og sosialdepartementet har ei anna haldning til dette no enn det som framgår av høyringsutkastet til ny forskrift utsendt i sommar, der sosialhjelp vart frårådd. Senterpartiet har ved fleire høve uttalt kritikk til å overlata til eige ansvar personar som ikkje kan sendast ut av Noreg. For ein som ikkje har mat og ein stad å bu, kan vegen vera kort til t.d. kriminalitet. Det er i alle høve uakseptabelt med vitande og vilje å leggja til rette for ein eigen klasse drivande gatelangs i Noreg. Vi meiner det er gledeleg at kommunane no vurderer å ta ansavr på eit område der staten openberrt forsømmer sin del av ansvaret. Her er ikkje enkle løysingar, det blir likevel uverdig og altfor lettbeint at senterale styresmakter bokstavleg tala let att augo. Eg imøteser eit positivt svar på at Stortinget får del i Regjeringa sine vurderingar i denne saka.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Dersom Stortinget ønskjer ei munnleg orientering om Regjeringa si handtering av personar med endeleg avslag på asylsøknadene sine som ikkje kan uttransporterast av politiet, legg eg til grunn at representanten tar dette opp gjennom Stortinget sine organ. Elles vil eg i dette brevet gjere greie for Regjeringa si politikk overfor denne gruppa.
Det er svært viktig å skilje mellom utlendingar som på den eine sida ikkje kan vende tilbake til heimlandet, sjølv om dei ønskjer, og på den andre sida utlendingar som ikkje ønskjer å vende heim og som heller ikkje gjer det som er naudsynt for at dette kan skje.
Svært få utlendingar som har fått avslag på asylsøknad eller andre søknader om opphald fell inn under den første gruppa. Dette heng saman med at alle land pliktar å ta imot eigne borgarar som vil vende heim. Det er svært få landområde som nektar eigne borgarar innreise. Dersom det visar seg at ein person med avslag på asylsøknaden ikkje kan returnere til heimlandet, trass i eit aktivt og truverdig forsøk, vil vedkommande kunne få saka si behandla på nytt.
Når det gjeld dei som hittil har blitt omtalt som ureturnerbare utlendingar, kan dei fleste av desse med andre ord reise heim på eiga hand. Sjølv om det som nemnt er svært få som ikkje kan returnere, er det likevel mange som ikkje samarbeider med politiet/International Organization for Migration (IOM) om å skaffe papir som gjer retur mulig. Dette skuldast at nokre land krev at heimreisa må være frivillig før retur blir akseptert. Dersom ein utlending skaffar seg reisedokument frå heimlandet før returen, vil dette normalt være nok til at heimlandet vil akseptera returen. I slike tilfelle kan ein ikkje snakke om ureturnerbare, sidan dei reint faktisk kan vende heim dersom dei sjølv kontaktar heimlandet sin representasjon for å skaffe seg naudsynt dokumentasjon. Problemet med å få gjennomført returar til slike land, fører til at ein del utlendingar ser seg tent med å ikkje samarbeide med norske styresmakter om retur etter at dei har fått endeleg avslag på søknad om opphald i landet.
Personar med endeleg avslag på asylsøknaden har ikkje lovleg opphald i Noreg. Før 2004 fekk slike utlendingar fortsette å bu i asylmottak, dersom dei allereie budde der då dei fekk endeleg avslag på søknad om opphaldsløyve. Dette er no endra. Ei viktig grunn for å fjerne butilbodet til personar med endelig avslag på asylsøknaden er å få fleire i denne gruppa til å akseptere avslag og reise heim med IOM.
Eg vil streke under at personar med endeleg avslag på asylsøknaden som søker om å få reise heim med IOM, og som aktivt og truverdig medverkar til å skaffe reisedokument, framleis får tilbod om kost og losji i asylmottak fram til utreisa. Òg einslege mindreårige og barnefamiliar får kost og losji i asylmottak etter eit endeleg avslag. I tillegg kan Utlendingsdirektoratet, etter ei særskild vurdering, avgjere at nokre einskilde personar med endeleg avslag på asylsøknaden framleis skal få bu i mottak (til dømes alvorleg sjuke). Eg vil òg nemne at ordninga med bortfall av butilbod i asylmottak for personar med endeleg avslag på asylsøknaden nå skal evaluerast. Evalueringa skal være ferdig i mai 2005.
Sosialtenesta i kommunane er siste tryggleiksnett for alle. Sosialtenestelova med forskrift avgrensar retten til økonomisk stønad frå sosialtenesta mot personar som ikkje har lovleg opphald i Noreg. Alle skal derimot få akutt livsnaudsynt hjelp, også dei som oppheld seg ulovleg i landet. Det er kommunane som skal gje denne livsnaudsynte hjelpa. Samtidig må ikkje sosialtenesta opptre på ein måte som i praksis inneber at ho overprøver utlendingsmyndigheitene sine vedtak.
Til sist vil eg vise til spørsmål frå finanskomiteen i Stortinget knytt til behandlinga av statsbudsjettet for inneverande år som gjeld ordninga med bortfall av butilbod i asylmottak for personar med endeleg avslag på asylsøknaden (blant anna spørsmål nr. 50, 131 og 133). Allereie i fjor gjorde Regjeringa greie for konsekvensane ved å gjennomføre tiltaket, blant anna at talet på utlendingar med ukjent opphaldsstad vil auke noko. Derimot sa justisministeren og eg at vi meiner at tiltaket totalt sett vil føre til ei økonomisk og samfunnsmessig gevinst, fordi tilstrømminga av grunnlause asylsøkjarar vil bli redusert. Dermed vil også talet på personar som ulovleg tar opphald i landet bli redusert. Dette har òg skjedd ved at vi i år har sett at både talet på asylsøkjarar og delen av asylsøkjarane som har grunnlause søknader har gått ned.