Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:5 (2004-2005)
Innlevert: 02.10.2004
Sendt: 04.10.2004
Rette vedkommende: Finansministeren
Besvart: 07.10.2004 av finansminister Per-Kristian Foss

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kjem Regjeringa til å ta initiativ overfor forsikringsbransjen for å sikra uføre med tidsavgrensa uførestønad utbetaling av forsikringspengar?

Begrunnelse

Endra trygdereglar frå 1. januar d.å. synest å ha ei rekkje utilsikta verknader. Ein av dei er at personar som har teikna forsikring mot inntektstap ved uførleik, ikkje får forsikringspengar utbetalte fordi uførleiken er tidsavgrensa. Inntektstapet er ein realitet. Uførleiken kan vara i årevis. Eg antar at denne verknaden av nye reglar er utilsikta og at Regjeringa følgjer opp med eit regelverk som sikrar at folk som har teikna forsikring mot uførleik, opplever at forsikringa held etter dei føresetnadene dei har betalt inn. Eg ber om ei stadfesting av at Regjeringa tek naudsynte initiativ.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Spørsmålet ble overført fra arbeids- og sosialministeren.
Finansdepartementet viser til at Sosialdepartementet 21. juni 2002 la fram Ot.prp. nr. 102 (2001-2002) Om lov om endringer i folketrygden og i enkelte andre lover (tidsbegrenset uførestønad). I avsnitt 6.3 i proposisjonen uttaler ein at "(...) endringer i folketrygdens uførepensjonsordning medfører at det vil være nødvendig å vurdere behovet for endringer i lov om foretakspensjon. Finansdepartementet tar på dette grunnlag sikte på å komme tilbake med en særskilt vurdering av behovet for endringer i lov om foretakspensjon. Eventuelle forslag til lovendringer vil bli sendt på høring på vanlig måte."
I Innst. O. nr. 86 (2002-2003), som blei behandla 20. mai 2003, uttaler ein samla sosialkomité:

"Samordning

Komiteen viser til at det har oppstått en problemstilling hva angår personer som har tegnet en uføreforsikring, og som nå risikerer å komme inn under ordningen med tidsbegrenset uførestønad. Begrepet tidsbegrenset uførestønad er ikke kjent av finansnæringen, og det er derfor viktig at det blir gjort en avklaring av hvordan dette vil forløpe i fremtiden når ordningen trer i kraft. Komiteen vil derfor be Regjeringen sørge for at denne problemstillingen blir løst slik at de som har en uføreforsikring, ikke kommer særlig uheldig ut som en konsekvens av at det innføres tidsbegrenset uførestønad."

Departementet viser til at ein arbeider med problemstillingar kring verknader på uførepensjon etter lova om føretakspensjon som følgje av dei nye reglane om uførestønad i folketrygda. Ein vil samtidig be Kredittilsynet sjå på om det meir generelt er særlege spørsmål knytt til tidsavgrensa uførestønad i høve til polisevilkår om uførestønad. Departementet tek sikte på at eventuelle forslag til lovendringar kan sendast på høyring før årsskiftet. Forslag til lovendringar vil deretter i tilfelle bli lagt fram for Stortinget.