Bjørn Jacobsen (SV): Korleis kan Noreg sjå til at Mordechai Vanunu, ein av dei som har gjort mest for å hindre produksjon og spreiing av masseøydeleggingsvåpen i Midtausten, får vern og arbeidsro utanfor Israels grenser og dermed kan fortsette med sitt arbeid innafor fredsarbeid, som til dømes tidlegare statsminister Kåre Willoch har tatt til orde for?
Begrunnelse
Ein av dei som har arbeidd mest i mot produksjon og spreiing av masseøydeleggingsvåpen i Midtausten er israelaren Mordechai Vanunu. Norsk tungtvatn har som kjent vore med å sette Israel i stand til å produsere atomvåpen. Informasjon og openheit er viktige faktorar for å få ikkje-spreiingsavtalen og anna fredsarbeid til å fungere.