Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:70 (2004-2005)
Innlevert: 14.10.2004
Sendt: 14.10.2004
Besvart: 25.10.2004 av barne- og familieminister Laila Dåvøy

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I eit intervju med NRK har statsråden varsla ei rask revurdering av refusjonsordninga til kommunar som buset einslege mindreårige.
Når er arbeidsgruppa klar med sin del av arbeidet slik at statsråden kan konkludera?

Begrunnelse

Spørsmålet er aktuelt i samband med busetjing av einslege mindreårige som har fått opphald i medhald av mellombels forskrift om lengebuande barn. I Q-5/2004 som omhandlar statsrefusjon, heiter det i avsnitt fem: "... ordningen med tilskudd gjelder ikke i saker hvor barnet er kommet til Norge sammen med foreldrene og hvor barnet forsvinner og etterlater barnet i Norge." Statsråden sine utsegner er heilt klart å forstå slik at dette skal ho endra. Av omsyn til dei barna dette gjeld, og der busetjing vert planlagt, hastar det med ei avklaring. Ein kommune som tilrettelegg for barn under denne kategorien, vert etter gjeldande forskrift pålagt ekstra kostnader, noko som sjølvsagt vanskeleggjer busetjing.

Laila Dåvøy (KrF)

Svar

Laila Dåvøy: Refusjonsordninga til kommunar som buset einslege mindreårige er ei økonomisk ordning for å sikre rask busetjing av einslege mindreårige i kommunane og gode bu- og omsorgstiltak for dei barna som kjem til Noreg utan foreldre. Refusjonsordninga inneber at staten yter refusjon for kommunale utgifter til barneverntiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.
Vi har no erfaringar med at nokre utanlandske foreldre let barna sine vere igjen i Noreg, etter at dei har fått avslag på asylsøknaden. Dette er ein alvorleg situasjon for barna og det kan bli ekstra vanskeleg for barna når kommunane ikkje vil busetje dei fordi dei får ekstra utgifter. Denne saka vil derfor bli handsama uavhengig av arbeidsgruppa.
Barne- og familiedepartementet meiner at desse barna i røynda er einslege og vil få same støtteordningane som dei einslege mindreårige flyktningane får. Ved dette skulle dei økonomiske hindringane for å busetja desse barna vera borte. Dette har vi drøfta med Kommunal- og regionaldepartementet.