Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:139 (2004-2005)
Innlevert: 27.10.2004
Sendt: 28.10.2004
Besvart: 04.11.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kjem statsråden til å ta initiativ til ein dialog mellom departementet og Oslo kommune for å finna ei løysing for dei 13 etiopiarane som har søkt tilhald i Oslo Domkirke?

Begrunnelse

Eg viser til at det er understreka både frå statsministeren og frå fleire statsrådar si side at ingen skal svelta eller frysa i dette landet. Det skulle tilseia at departementet tek naudsynte initiativ for å sikra at Regjeringa og kommunen i samarbeid fylgjer opp Regjeringa sine lovnader.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Som representanten Meltveit Kleppa er kjend med er det Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) som har ansvaret for å handsame den einskilde asylsaka og i det høve spørsmålet om fare for overgrep i heimlandet.

Eg har full tillit til at den vurderinga UDI og UNE gjer i asylsaker er individuell og forsvarleg, og eg har inga grunn til å tru at det ikkje har vore tilfellet for dei etiopiarane som har hatt tilhald i Oslo Domkirke. Eg vil her og opplyse om at tal frå UDI viser at etiopiarar er den folkegruppa frå Afrika, etter somaliarane, som i flest tilfelle blir gitt opphaldsløyve i Noreg. Hittil i år har 64 etiopiarar fått asyl eller opphald på humanitært grunnlag. Eg legg til grunn at dei etiopiske asylsøkjarane som har sveltestreika har fått søknadene sine grundig og individuelt vurderte, og at ein har funne at dei ikkje har krav på skydd i Noreg. Dei pliktar då, på same måte som andre asylsøkjarar med endeleg avslag, å reise heim.

Eg er kjend med at Oslo kommune har gjeve etiopiarane tilbod om mellom anna bustad. Frå Regjeringa si side vil det ikkje bli teke noko særskilt initiativ til spesialordningar for denne gruppa, men dei har på same måte som andre asylsøkjarar med endeleg avslag tilbod om å bu i mottak dersom dei samarbeider om si eiga heimreise. Eg vil her og minne om at det er slik at eg som statsråd ikkje kan gripe inn i handsaminga av dei einskilde utlendingssakene. Ein inngripen frå meg ville bli tolka som ei underkjenning av UDI og UNE sine vedtak. Dette ville stride mot utlendingslova slik ho er i dag.