Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:279 (2004-2005)
Innlevert: 03.12.2004
Sendt: 03.12.2004
Besvart: 09.12.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Departementet har endra reglane for føring av inntekt på finansielle omløpsmidlar i forskrift av 15. desember 2002: Forskrift om årsberetning. Endringa vil medføre at kommunane kan nytte oppsparte midlar til å dekke underskot, ettersom udisponerte midlar på investeringsfond frå sal i perioden 1997 til 2003 skal omklassifiserast til driftsfond og slike fond er enklare å tappe. Dei fleste kommunar vil følgjeleg stå utan kapital om få år.
Kva tiltak vil kommunal- og regionalministeren setje i verk for å hindre ei slik utvikling?

Begrunnelse

Forskrifta § 3 tredje ledd seier at ved sal av finansielle anleggsmidlar skal ein del av salsinntekta reknast som avkastning på innskoten kapital dersom kommunen fullt ut kontrollerer selskapet. Vidare skal avkastninga på innskoten kapital reknast som driftsinntekt der inntekta vert fastsett til det maksimale utbytte etter aksjelova § 8-1, uavhengig av kva som faktisk er utbetalt. Udisponerte midlar på investeringsfond frå sal i perioden 1997 til 2003 skal omklassifiserast til driftsfond.
Dei fleste kommunar som har selt finansielle anleggsmidlar har gjort dette for å frigjøre kapital til investeringar eller for å få betre avkastning i fond. Dei fleste kommunar i Noreg har pr. i dag ikkje sett av nok pengar på fond, slik at det har vore ei nedbygging av kapital i kommune-Noreg over mange år. Ein kan derfor frykte at den føreslåtte regelendringa ytterlegare vil forsterke denne utviklinga.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Kommunal- og regionaldepartementet fastsatte den 22. september 2004 regnskapsreglar for føring av inntekter frå sal av finansielle anleggsmidlar. Reglane er fastsett ved endringar i forskrift 15. desember 2000 nr. 1424 om årsrekneskap og årsberetning for kommunar og fylkeskommunar.

Formålet med reglane er å likestille føringa av inntekter frå sal av kraftaksjar føretatt i perioden 1997 til 2000 med føringa av inntekter frå sal føretatt i 2001 og seinare.

Forskrifta av 22. september 2004 inneber ingen endringar i regelverket for føring av inntekter frå sal av finansielle anleggsmidlar utover at handteringa av inntekter frå sal føretatt i perioden 1997 til 2000 blir likestilt med sal føretatt i 2001 og seinare. Denne likestillinga opnar for å nytte ein del av udisponerte salsinntekter, som er satt av på kapitalfond etter tidlegare reglar, til driftsutgifter og dekning av underskot. Ei slik opning finn eg rimeleg ut i frå intensjonen bak endringa i kommunelova i 2001. Reglane gir høve til å nytte i drifta berre den delen av salsinntekta som alternativt kunne ha vore delt ut som utbytte frå selskapet. Ei slik utdeling vil ein normalt rekne som driftsinntekt. Reglane sikrar såleis mot at verdiar som er bygd opp over mange år blir nytta til løpende utgifter.

Bakgrunnen for forskrifta er, at etter kommunelova var det inntil 1. januar 2001 eit eksplisitt forbod mot å nytte inntekter frå sal av eigardel i kraftselskap o.a. til å dekke laupande drift, jf. gml. kommunelova § 48 nr. 2. Slike inntekter måtte ein sette av til fond for investeringsutgifter (kapitalfond). Ved revisjonen av kommunelova i 2001 blei denne regelen oppheva, slik at kommunelova frå 2001 har gitt kommunane og fylkeskommunane høve til å nytte ein del av inntektene frå sal av eigardel i selskap til driftsutgifter.

Det har samstundes vore regelstridig å nytte ein del av udisponerte midlar frå sal av eigardelar føretatt i 2000 eller tidlegare i drifta. Eg meiner at tidspunktet for sal av eigardel i selskap ikkje bør vere avgjørande for om ein kan nytte deler av inntekta til å dekke laupande driftsutgifter, herunder dekning av driftsunderskot. Eg finn det rimeleg at kommunane også kan nytte ein del av inntektene frå sal føretatt i perioden før lovendringa i 2001 i drifta.

Ved lovendringa i 2001 blei det foreslått at handteringa av eingongsinntekter, som inntekter frå sal av eigardel i selskap, skulle skje i tråd med god kommunal regnskapsskikk. Førebels standard for god kommunal regnskapsskikk KRS (F) nr. 4 om avgrensinga mellom drifts- og investeringsregnskapet blei fastsett i desember 2003 av Foreninga for god kommunal regnskapsskikk. Standarden seier at aksjelova §§ 8-1 og 8-2 om utbytte må sette ei øvre grense for kor stor del av vederlaget for salet som ein kan definere som laupande inntekt. Dette inneber at ein kommune ikkje vil kunne føre som driftsinntekt ein høgare sum enn det kommunen lovleg kunne ha fått i utbytte frå selskapet i samsvar med utbyttereglane i aksjelova. Utbytte frå aksjeselskap vil normalt bli rekna som laupande inntekt som kan finansiere driftsutgifter. Det er vidare ein føresetnad at kommunen som sel har innverknad i selskapet.