Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:286 (2004-2005)
Innlevert: 06.12.2004
Sendt: 06.12.2004
Besvart: 22.12.2004 av helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Er statsråden fornøgd med den lange tida det i dag tek for helsepersonell med utdanning frå utlandet å få godkjent utdanninga si i Noreg, eller vil han gjere noko?

Begrunnelse

Eg har møtt nokre underlege døme på sein saksgang og meiner det er høgst naudsynt at statsråden syter for endring. Lat meg nemna to: det eine er frå eigen kommune der ein sjukepleiar frå Filippinane gjekk to år utan løn og ansvar som sjukepleiar før godkjenninga var eit faktum. Det andre er fleire norske sjukepleiarar med utdanning frå Australia som møter nye og ukjende krav til praksis før dei får godkjent utdanninga si. I ei tid med mangel på fagfolk, er det svært viktig at alle formalitetar går raskt. Eg har høyrt sagt at det aktuelle kontoret er altfor lite bemanna. Anten det er bemanninga, kompetansen eller andre grunnar som medfører denne situasjonen, ber eg statsråden setje i verk naudsynte tiltak.

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: 1. Sakshandsamingstida hos SAFH

Først nokre ord om sakshandsamingstida hos SAFH:

SAFH gir autorisasjon eller lisens etter søknad til helsepersonell i 27 yrkesgrupper. Søkjarane har utdanning frå Noreg, dei nordiske landa, EØS-landa eller frå land utanom EØS.
For søkjarar med utdanning frå Noreg, dei nordiske landa eller EØS er sakshandsamingstida om lag seks til åtte veker, eller med andre ord innanfor dei måla ein har sett for sakshandsamingstid i SAFH.
For 25 av yrkesgruppene er sakshandsamingstida like kort også for søkjarar med utdanning frå land utanom EØS. Det er berre for søknader frå sjukepleiarar og hjelpepleiarar med utdanning frå land utanom EØS at sakshandsamingstida har vore og er lengre. Årsaka er mellom anna dei mange søknadane frå sjukepleiarar og hjelpepleiarar med utdanning frå land utanom EØS.
For sjukepleiarar med utdanning frå land utanom EØS var handsamingstida i mai 2003 om lag 4-5 månader. I januar 2004 var handsamingstida om lag 7-8 månader.
For hjelpepleiarar med utdanning frå land utanom EØS var handsamingstida 6-7 månader i januar 2004, medan den var om lag 7-8 månader våren 2004.
SAFH sette i verk tiltak for å bøte på den forlenga handsamingstida etter ferien 2004 med auka ressursar. Handsamingstida er difor no om lag 3 månader for søknader frå sjukepleiarar med utdanning frå land utanom EØS og om lag 4-5 månader for søknader frå hjelpepleiarar med utdanning frå land utanom EØS.
Desse tiltaka vil bli forlenga utover i 2005 med den målsetting å få sakshandsamingstida ytterlegare redusert.

2. Kort om sakshandsaminga i SAFH

Representanten Kleppa viser til to døme på saker som ho meiner gjev grunn til å stille helse- og omsorgsministeren spørsmål. Først vil eg seie litt allment om sakshandsaminga i SAFH:
Søkjarar med utdanning frå land utanom EØS må prova at utdanninga deira er jamgod med dagens norske utdanning i yrkesgruppa. SAFH må oppfylle rettskravet (rettstryggleiken) søkjaren har på ei individuell vurdering av utdanninga si frå det landet den er gjennomført i og samanlikne den med dagens norske utdanning i yrket. Dette er komplekse vurderingar som tek tid.
Noko av tida går med på å få søkjarane til å sende inn all dokumentasjon SAFH treng for å kunne gjere vurderinga om søkjar si utdanning er jamgod med den norske utdanninga. Er den ikkje det, må søkjarane skaffe seg den kompetansen dei manglar samanlikna med den norske utdanninga. Dette tek også tid. I dette arbeidet er SAFH særleg oppteken av å ta vare på pasienten sin tryggleik, syte for kvaliteten i helsetenesta og syte for at folk har tillit til helsevesenet.

3. Om filippinske søkjarar

Søkjarar med utdanning frå ein av dei om lag 195 høgskulane som utdannar sjukepleiarar på Filippinane, som er bachelor i sjukepleie og som har avlagt filippinsk statseksamen, vil vanlegvis måtte utføre åtte veker praksis i eldreomsorg og åtte veker praksis i psykisk helsearbeid, samt gjennomføre eit tre vekers kurs i nasjonale sjukepleiarfag før dei er kvalifiserte for autorisasjon. SAFH har innført ei ordning som gjer at dei kan søkje om førebels lisens som sjukepleiar medan dei kvalifiserer seg.

SAFH stiller ikkje språkkrav, men ein veit at mange søkjarar må bruke mykje tid på desse kvalifiseringstiltaka på grunn av at dei ikkje snakkar norsk godt nok.
Det er ikkje berre negativt at dei må bruke tid på dette. På den måten lærer dei norsk språk reint allment og også fagleg. Dei vert og kjent med norsk kultur, mellom anna korleis ein kommuniserer med pasientar, pårørande og anna helsepersonell. Dei blir også kjent med korleis norsk helsevesen er organisert, korleis samhandlinga mellom yrkesgruppene er i helsevesenet og samhandlinga mellom nivåa. Vidare lærer dei seg korleis norsk eldreomsorg er og får kjennskap til andre sjukdommar som normalt ikkje er så utbreitt i heimlandet.
Vi vil presisere at sjukepleiare som arbeider med førebels lisens for å kvalifisere seg, får vanlege arbeids- og lønsvilkår i perioden fram mot autorisasjon.

4. Om nordmenn som utdannar seg til sjukepleiarar i Australia

Dette er ei sak SAFH har arbeidd mykje med dei siste åra, særleg i høve til dei som utdannar seg gjennom Bjørknes og Fabi Partner AS sine opplegg. Den australske sjukepleiarutdanninga er oftast meir teoretisk enn den norske.
I eit møte mellom direktør Sveinung Lunde i Bjørknes privatskule og SAFH 29. juni 2004 blei ein einige om kva for tilleggspraksis dei norske studentane med sjukepleiarutdanning frå Australia treng for å få norsk autorisasjon som sjukepleiar. Dei treng minst seks månader praksis under oppsyn av autorisert sjukepleiar, der minst tre månader er i sjukehus på medisinsk og kirurgisk avdeling og minst tre månader er i eldreomsorg og psykiatri i primærhelsetenesta. Dei må også ta trevekers kurset i nasjonale sjukepleiarfag før dei er skikka til å bli autorisert som sjukepleiar i Noreg.

5. Samanfatning

SAFH arbeider framleis med den målsetting å få sakshandsamingstida ytterlegare redusert for søknader frå sjukepleiarar og hjelpepleiarar med utdanning frå land utanom EØS. For mange søkjarar er årsaka til at det kan ta lang tid å få godkjent utdanninga si i Noreg, ikkje berre lang handsamingstid, men òg at søkjarane må skaffe seg den kompetansen dei manglar samanlikna med den norske utdanninga. Mange søkjarar, mellom anna frå Filippinane, må bruke mykje tid på desse kvalifiseringstiltaka på grunn av at dei ikkje snakkar norsk godt nok.