Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:303 (2004-2005)
Innlevert: 09.12.2004
Sendt: 09.12.2004
Rette vedkommende: Moderniseringsministeren
Besvart: 17.12.2004 av moderniseringsminister Morten Andreas Meyer

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): I Dagens Næringsliv 8. desember 2004 vert det vist ei oversikt over offentlege arbeidsplassar, endringar frå 2002 til 2003 (kjelde: SSB og Telemarksforsking). Sogn og Fjordane ligg øverst på tabellen kva gjeld tap av arbeidsplassar, med 524, og Oslo ligg i motsett ende av tabellen med størst auke i tal statlege arbeidsplassar med 1952.
Kva er årsaka til den store reduksjonen i Sogn og Fjordane og auken i Oslo, og korleis heng dette saman med Regjeringa sin politikk om utflytting av statlege arbeidsplassar?

Morten Andreas Meyer (H)

Svar

Morten Andreas Meyer: Spørsmålet vart overført frå kommunal- og regionalministeren.
Når det gjeld Oslo viser tala ein vekst i den statlege sysselsetjinga på om lag 2 000 personar frå 4. kvartal 2002 til 4. kvartal 2003. Dette er ikkje reelt, tala skuldast ein feil i den registerbaserte sysselsettingsstatistikken som nyleg vart oppdaga, jf. heimesidene til Statistisk sentralbyrå (SSB). SSB peiker også på at det er for tidleg å seie presist kva den faktiske utviklinga var.
Generelt vil eg seie at ein bør vere varsam med å leggje for mykje i kortsiktige endringar. Når ein ser på endringstal for statleg forvaltning, må ein bla. ta høgd for at det vil oppstå endringar som skuldast omorganiseringar, slik SSB også peiker på. Nedgangen i arbeidsplassar i statleg forvalting frå 2002 til 2003 i Sogn og Fjordane vert ifølgje SSB motsvart av ein auke i statleg eigde føretak, slik at nettonedgangen blir langt mindre.
Eg kan elles opplyse at den statlege politikken for utflytting av statlege arbeidsplassar ligg fast. I Sem-erklæringa vert det slått det fast at nye statlege verksemder skal lokaliserast utanfor Oslo. I tillegg er desentralisering og delegering av ansvar og mynde ei hovudlinje i Regjeringas moderniseringsarbeid. Det inneber blant anna at statlege etatar har eit ansvar for å leggje mest mogleg av verksemda til ytre organ. Ei breiare geografisk fordeling av statlege oppgåver og arbeidsplassar er med på å styrkje kompetansemiljø lokalt og regionalt, noko som igjen legg grunnlag for vekst og sysselsetjing i regionane.