Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:360 (2004-2005)
Innlevert: 07.01.2005
Sendt: 10.01.2005
Besvart: 17.01.2005 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Kva garanti har me for at fergekapasiteten Halhjem-Sandvikvåg er god nok i ein 10-årsperiode frå 1. januar 2007; er det dokumentert at sikkerheten på dei prosjekterte gassfergene på strekningen er god nok; er det tilfelle at to av fergene berre har opne bildekk, og i så fall, kva tiltak er gjort for å hindra at bilar på bildekk vert overspylte med sjøvatn på denne verharde strekningen?

Begrunnelse

Etter at Fjord1 vart tildelt løyve til å driva gassferger på m.a.fergestrekningen Halhjem-Sandvikvåg har det i regionen oppstått mykje uro og mange ubesvarte spørsmål knytte både til kapasitet, sikkerhet og komfort.
Spørsmåla til kapasitet er særleg knytte til om den totale transportkapasiteten er god nok til å hindra framtidig ventetid og kødannelsar på eit sentralt og svært viktig samband. Den totale transportkapasiteten er ein funksjon av fergestørrelse og fart. Ikkje minst næringslivskretsar fryktar at kapasiteten ikkje er god nok, med dei mange negative konsekvensane dette har for konkurransekraft, inntening og arbeidsplassar langs heile kysten.
Spørsmåla om sikkerhet gjeld rett og slett om desse nye fergetypane er testa ut i forhold til det verharde farvatnet (særleg Selbjørnsfjorden) som dei skal segla i.
Når det gjeld komfort er spørsmåla mange. Eg avgrensar meg til det som gjeld evt opne bildekk. All tidlegare erfaring viser at ved opne bildekk vert bilane ofte overspylte med sjøvatn.
Som kjent er sjøvatn særs dårleg eigna som konserveringsmiddel for bilar. Resultatet kan lett bli ein vesentleg meirkostnad for bileigarane som følgje av rustskadar m.a.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Som kjent blei løyve/kontrakt på sambanda Halhjem-Sandvikvåg og Mortavika-Arsvågen tildelt Fjord1 etter ein tilbodskonkurranse. I konkurransegrunnlaget blei det tatt utgangspunkt i det rutetilbodet som i dag er i sambanda. Dette er noko betre enn måla i ny langsiktig standard for riksvegferjedrift, jf. St.meld. nr. 24 (2003-2004).

Tilbodet frå Fjord1 er berekna til å auke trafikkapsiteten i sambandet Halhjem-Sandvikvåg med 86 pst. Dette er langt meir enn Statens vegvesen sin prognose for trafikkvekst i sambandet fram til slutten av løyveperioden i 2016. Basert på prognosane for trafikkvekst er det mao. ikkje grunn til å tru at tilbodet frå Fjord1, ikkje vil tilfredsstille krava til kapasitet i anbodsmaterialet.

Sjøfartsdirektoratet har ansvaret for tryggleiken til sjøs, jf. Lov om Statskontrol med Skibes Sjødygtighed mv. § 3. Ferjene må m.a.o. oppfylle dei krav til tryggleik som er fastsette av Sjøfartsdirektoratet i høve til dei aktuelle fartsområda.

Fjord1 har no teikna kontrakt med Aker Brattvåg om å byggje fem nye gassferjer med to bildekk og plass til 198 personbileiningar. Det er mao. ikkje lenger planlagt to mindre ferjer med plass til 145 personbileiningar i sambandet Halhjem-Sandvikvåg. Øvre bildekk på dei nye ferjene er godt skjerma. Sjøvatn på bilane er difor ikkje venta å bli eit problem.