Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:409 (2004-2005)
Innlevert: 20.01.2005
Sendt: 20.01.2005
Besvart: 26.01.2005 av forsvarsminister Kristin Krohn Devold

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Kva er grunnen til at Forsvaret held tilbake delar av den kontrakten som blei inngått med NATECH i 2001, og på kva for grunnlag kan Forsvaret einsidig gjera om på den inngåtte kontrakten?

Begrunnelse

Forsvarsdepartementet beslutta i august 2001 å gjennomføra ei oppgradering av ca. 160 ledelses- og kommandoplassvogner. Oppgraderinga skulle utførast ved bedrifta NATECH i Narvik. Kontrakten hadde ein verdi på om lag 100 mill. kr.
Informasjon frå tillitsvalde ved NATECH tilseier at det enda gjenstår ca. 30 mill. kr av denne kontrakten før kontraktsverdien når 100 mill. kr.
For NATECH er denne kontrakten viktig, og ei manglande oppfylling av kontrakten kan medføra ein alvorlig påverknad på bedrifta sin økonomiske situasjon.

Kristin Krohn Devold (H)

Svar

Kristin Krohn Devold: Innleiingsvis vil eg understreke at det ikkje er riktig at Forsvaret held tilbake delar av ein tidlegare inngått kontrakt med NATECH. Det finst ingen slik kontrakt som bind Forsvaret til å gje oppdrag til NATECH.

Medio 2001 planla Forsvarsdepartementet (FD) å styre oppdrag til NATECH vedrørande ombygging av pansra kjøretøy (M113 vogner). FD informerte NATECH om at det planlagde oppdraget hadde eit estimert omfang på om lag 100 mill. kr.

For å tilpasse prosjektet til Forsvaret sitt behov blei storleiken justert ned på det planlagde oppdraget og det vart seinare forhandla fram ein kontrakt med NATECH, med eit omfang på 50 mill. kr. Kontrakten vart underteikna mars 2003. NATECH er i ferd med å sluttføre arbeida i samband med denne kontrakten. Omfanget har gjennom seinare endringsavtaler auka til 70 mill. kr.

NATECH har tidlegare bede FD om få oppdrag for det dei oppfattar som dei "resterande" 30 mill. kr. Sjølv om verken FD eller Forsvaret har forplikta seg juridisk til å styre oppdrag til bedrifta for 100 mill. kr, ser vi etter konkrete moglegheiter der det vil vere naturleg for Forsvaret å bruke NATECH.

Dette vil sjølvsagt vere avhengig av kva for investeringar som kan gjennomførast dei næraste åra, innanfor dei budsjett som Forsvaret disponerer, og om det for nokon av desse oppdraga er naturleg å nytte NATECH.