Skriftlig spørsmål fra Olav Akselsen (A) til moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:462 (2004-2005)
Innlevert: 02.02.2005
Sendt: 02.02.2005
Besvart: 08.02.2005 av moderniseringsminister Morten Andreas Meyer

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Det vert hevda at systemet med bonuspoeng kan påverka val av hotell for store grupper, og at dette er konkurransevridande. Eg vil be om statsråden si vurdering av om hotellkjedene sine bonuspoeng vil påverka konkurransen mellom ulike hotell, og om dagens praksis er i tråd med konkurransereglane og reglane for offentleg anbod.
Er dagens praksis med bonuspoeng ved hotellovernattingar i tråd med ønska praksis?

Morten Andreas Meyer (H)

Svar

Morten Andreas Meyer: Lojalitetsordningane i dominerande føretak kan vere eigna til å binda opp kundar med det resultat at konkurransen blir avgrensa. Konkurransemessige problem med lojalitetsrabattar generelt, og i hotellmarknaden spesielt, har difor fått mykje merksemd og har blitt undersøkt nøye av konkurransestyresmaktene. I 2003 kartla Konkurransetilsynet konkurransesituasjonen i hotellmarknaden og greidde ut om konkurransemessige verknader av bonuprogramma i hotellkjedande.

Vil bonuspoeng påverka konkurransen mellom ulike hotell?

Konkurransetilsynet konkluderte i utgreiinga i 2003 at bonusprogramma i hotellmarknaden ikkje verkar konkurranseavgrensande. Sjølv om bonusprogramma aukar kostnadene for forbrukarane ved skifte av tilbydar, må kostnadene ved skifte av tilbyder reknast som små eller moderate i hotellmarknaden. Vidare finst det ein større del frie kundar, dvs. kundar som ikkje er knytte til eit bonusprogram.
Eg har ikkje fått informasjon som gir grunnlag for å ha ei anna oppfatning av konkurransesituasjonen enn den Konkurransetilsynet presenterte i oktober 2003.
Det er likevel grunn til å følgje nøye med på utviklinga i bonusprogramma i hotellmarknaden. Dersom marknadstilhøva eller utforminga av bonusprogramma blir vesentleg endra, kan kostnadene ved skifte av tilbyder og hotellas evne til å utnytte desse endrast på ein slik måte at konkurransen i hotellmarknaden blir avgrensa.

Er dagens praksis i tråd med konkurransereglane?

Det er ingen forbod mot bruk av bonusordningar i gjeldande konkurranselov. Bruk av bonusordningar kan likevel bli ramma av forbod i konkurranselova dersom eit eller fleire dominerande føretak bruker lojalitetsordningar til å binda opp kundar slik at konkurransen blir avgrensa. Dersom bruken av bonuspoeng i ein slik situasjon blir vurdert som utilbørleg utnytting av dominerande stilling, blir det ramma av forbodet i konkurranselova § 11. Det er Konkurransetilsynet som er sett til å handheve forbodet i konkurranselova og eg har blitt orientert av Konkurransetilsynet om at det ikkje ligg føre nokre saker på området.

Er dagens praksis i tråd med reglane for offentleg anbod?

Innkjøp i staten er i dag i hovudsak desentralisert. Dette medfører at det er den einskilde statlege verksemda som har ansvaret for sine innkjøp og dermed også ansvaret for å etterleve anskaffingsregelverket. Men anbodsregelverket regulerer ikkje korleis bonusordningar generelt eller for hotellmarknaden spesielt skal handterast. Regelen er at oppdragsgivarane ikkje skal ta utanforliggande omsyn ved val av leverandørar.
Eg vil og peike på at regelverket for offentlege innkjøp skal reviderast. Målet med revideringa er blant anna å gjere regelverket enklare.

Er dagens praksis med bonuspoeng ved hotellovernattingar i tråd med ønska praksis?

Konkurransetilsynet konkluderte i den tidlegare nemnde utgreiinga med at bonusordningane i hotellmarknaden ikkje er konkurranseavgrensande. Eg har ovanfor gjort greie for at bonuspoeng ved hotellovernattingar verken er i strid med konkurranselova eller anbodsregelverket. Konkurransestyresmaktene kjem likevel til å følgje nøye med på utviklinga i bonusprogramma i hotellmarknaden, slik at desse ikkje blir nytta på ein konkurransevridande måte.