Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:465 (2004-2005)
Innlevert: 02.02.2005
Sendt: 03.02.2005
Besvart: 16.02.2005 av helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Blefjell sjukehus har verksemd på fire stadar: Kongsberg, Notodden, Seljord og Rjukan og dekkjer ei folkamengd på ca. 90 000 menneskje med stor geografisk spreiing og lange avstandar. Blefjell sjukehus er av Helse Sør pålagd krav om ei samla innsparing på heile 43,6 mill. kr, noko som tilseier at ca. 80 stillingar må fjernast.
Kva vil helse- og omsorgsministeren gjere for å unngå store konsekvensar for pasienthandsaminga?

Begrunnelse

Dersom Blefjell sjukehus skal gjennomføre pålagde krav, kan dette ikkje skje utan at tilbodet til pasientane må endrast og reduserast. Dette står i motsetning til føresetnaden for statsbudsjettet for 2005, der det var føresett at ei skulle oppretthalde aktivitetsnivået. Dessutan vart effekten av tapt aktivitet forsterka av at ISF-inntektsdelen er endra frå 40 til 60 pst.
I budsjettinnstillinga frå sosialkomiteen, Budsjett-innst. S. nr. 11 (2004-2005), uttaler ein samla komité der dei viser mellom anna til budsjettinnstillinga for førre år:

"Komiteen viser til at flertallet i sosialkomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 11 (2003-2004) ba om at Regjeringen i meldingsdelen av budsjettforslaget for 2005 legger frem en analyse av hvilken rolle lokalsykehusene og nærsykehusene skal spille i den samlede spesialisthelsetjenesten. Videre uttalte det samme flertall i komiteen at siktemålet med arbeidet bør være å foreslå en strategi som gjør at lokalsykehusene kan være en trygghetsbase for lokalbefolkningen. Denne henstillingen fra et flertall i sosialkomiteen følges nå opp i plandokumentet i budsjettproposisjonen for 2005. Komiteen sier seg glad for at departementet slår fast at dagens struktur for lokalsykehusene i hovedsak forutsettes opprettholdt."

Dette må oppfattast som ei klår melding frå Stortinget om at dei mindre sjukehusa skal dekkje dei aller fleste spesialisthelsetenestene i sjukehusområdet. Dersom kravet om så sterke kutt i inntektene til sjukehuset vert ståande, vil dette krevje tiltak som må gå ut over pasientane i og med at sjukehuset sjølv føresett at mellom 70 og 80 årsverk må fjernast.
Det må også opplevast dramatisk for så vel lokalsamfunn som for tilsette ved sjukehuset. I tillegg kjem lange reiser og lengre ventetid for pasientane. Dette er ei utvikling eg er sterkt ueinig i.

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Sjukehusreforma gir gode høve til betre ressursutnytting, og det har heilt frå starten vore ein føresetnad at dei regionale helseføretaka skal drive i økonomisk balanse. Utan eit truverdig krav om balanse, vert den statlege eigarstyringa og dermed budsjettdisiplinen i helseføretaka undergrave. Å gjennomføre omstillingar er krevjande, ikkje minst innafor ein sektor som spesialisthelsetenesta der ein heile tida må ha pasienten for auget når tiltak skal gjennomførast.

Dei regionale helseføretaka har derfor sidan starten på reforma i 2002 fått meir tid og meir ressursar før balansekravet skal vere nådd. Seinast skjedde det ved handsaminga av årets statsbudsjett. I Stortinget sitt budsjettvedtak for 2005, der kravet om økonomisk balanse i 2005 for dei regionale helseføretaka vart stadfesta, fekk Helse Sør RHF ytterlegare eit år til å nå slik balanse (dvs. i 2006).

I tråd med dette har eg i føretaksmøtet i januar 2005 sett resultatmålet for 2005 i Helse Sør RHF til eit underskot på inntil 500 mill. kr. Budsjettet til Blefjell Sykehus HF i 2005 er basert på fire driftsstader; Kongsberg, Notodden, Seljord og Rjukan. Det skal vere akuttilbod på Kongsberg, Notodden og Rjukan. Føretaket har som hovudmålsetting at pasienttilbodet i minst mogleg grad skal bli ramma, og det er opplyst til departementet at føretaket tar omsyn til lokalsjukehusa si rolle slik ho er meisla ut i St.prp. nr. 1 (2004-2005).

Det vert no vurdert kva for konkrete tiltak som må til for å innfri resultatkravet i 2005, og kva for konsekvensar desse tiltaka vil få for dei ulike helseføretaka i Helse Sør. Alle analysane er ennå ikkje gjennomførte, men eg er klar over at fleire av helseføretaka står framfor krevjande omstillingstiltak. I føretaksmøta som vart haldne i januar i år med kvart av dei regionale helseføretaka, understreka eg at nødvendige omstillingstiltak må vurderast og handterast innafor dei gjeldande rammene for helseføretaka. I dette ligg at omstillingstiltak ikkje må føre til at tilbodet til befolkninga ikkje vert forsvarleg. Dette vil sjølvsagt også gjelde for dei tiltaka som no skal gjennomførast i Helse Sør. Eg kan forsikre om at eg vil følgje utviklinga i denne regionen nøye framover.