Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:541 (2004-2005)
Innlevert: 22.02.2005
Sendt: 22.02.2005
Rette vedkommende: Finansministeren
Besvart: 28.02.2005 av finansminister Per-Kristian Foss

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Kommunal- og regionalministeren og andre regjeringsmedlemer har fleire gongar hevda at Regjeringa har brukt 2 kr på offentleg velferd for kvar krone som er brukt på skattelette.
Kan statsråden gje ei detaljert oversikt som viser korleis dette reknestykket kjem fram, og at svaret gir ei tilvising til aktuelle kapittel og post i statsbudsjettet, splitta opp på ulike budsjettår?

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Spørsmålet vart overført frå kommunal- og regionalministeren.
Målt i løypande kroneverdiar er summen av vedtekne netto skatte- og avgiftsreduksjonar i stortingsperioden knapt 23 mrd. kr.
I perioden 2001-2005 har den underliggjande, reelle veksten i statsbudsjettets utgifter vore i gjennomsnitt 2,1 pst. pr. år, jf. Nasjonalbudsjettet 2005. Samla utgjer dette om lag 48 mrd. kr.
Realveksten har vore særleg sterk innafor dei regelbundne stønadsordningane i folketrygda. Den reelle utgiftsveksten i folketrygda går fram av tabell 6.2 i Gul bok 2005. I denne tabellen er veksten fordelt på dei ulike ordningane i folketrygda. Basert på tala i Saldert budsjett 2005 er realveksten i folketrygda dei siste 4 åra til saman knapt 24 mrd. kr. Dette er noko lågare enn det som kjem fram av tabellen I Gul bok, og må sjåast i samanheng med nye opplysningar etter at Gul bok 2005 blei lagt fram for Stortinget, jf. mitt brev til Stortinget datert 29. oktober 2004 og vedtak i saldert budsjett.
Kommunesektoren produserer mange viktige velferdstenester. I perioden 2001-2005 auka kommunesektorens inntekter reelt med om lag 13 mrd. kroner målt i 2005-priser. Talet er basert på rekneskap for perioden 2001-2003 og anslag for 2004 og 2005, jf. mellom anna vedtaka i saldert budsjett 2005 og berekningar frå Det tekniske beregningsutvalget for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU). Auka løyvingar til barnehagesektoren er ein viktig del av denne veksten. Nominelt har dei øyremerka tilskotta til barnehagar auka med 6,9 mrd. kr i denne perioden.
På fleire områder er det ikkje utarbeidd tal for reell vekst over tid. Dette gjeld mellom anna løyvingane på områda nedanfor der det difor er oppgitt tal for nominell vekst i perioden 2001-2005:

- Regionale helseføretak 10,3 mrd. kr
- Oppfølging av psykiatriplanen 2,8 mrd. kr
- Tiltak mot fattigdom og rusmisbruk 1,2 mrd. kr
- Kollektivtransport 2,1 mrd. kr.

Innafor alle desse områda har det i perioden vore ein nevneleg reell vekst i løyvingane.