Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:564 (2004-2005) Innlevert: 25.02.2005 Sendt: 28.02.2005 Besvart: 10.03.2005 av miljøvernminister Knut Arild Hareide
Øyvind Korsberg (FrP): I eit oppslag på siste.no den 23. februar 2005 seier statsråden at han har innført nynorskkurs for dei tilsette i Miljøverndepartementet, slik at det skal verta fleire pressemeldingar på nynorsk i år. Kan statsråden gjera rede for omfanget av desse kursa, og kvifor nokre oppgåver som må vika for språkkursa?
Knut Arild Hareide: Eg viser til spørsmål vedrørande nynorskkurs i Miljøverndepartementet.Miljøverndepartementet vurderer til ei kvar tid tiltak som kan heve kompetansen for å sikre at pålagte oppgåver blir løyst på ein god og effektiv måte. I vinter har vi mellom anna valt å gi ei gruppe medarbeidarar tilbod om eit kort oppfriskingskurs i nynorsk språkbruk. Miljøverndepartementet er som alle andre statlege organ pålagt å bruke minst 25 pst. av kvar målform i pressemeldingar og andre dokumenttypar med stort informasjonstilfang. Dei interne språkkursa vil mellom anna sikre at dei tekstene som kjem ut frå departementet på nynorsk er korrekte og tydelege. I miljøpolitikken som elles er eit godt språk ein føresetnad for å nå fram med viktig informasjon.