Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:645 (2004-2005)
Innlevert: 29.03.2005
Sendt: 30.03.2005
Besvart: 06.04.2005 av miljøvernminister Knut Arild Hareide

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Noreg har eit nasjonalt ansvar for å sikra levedyktige villaksstammar. Det har vore stor semja om at etablering av nasjonale laksevassdrag og fjordar kan vera eit viktig bidrag i dette arbeidet. Frå fleire tunge fagmiljø er det hevda at etableringa må sjåast på som ei før-var-tiltak, og at ordninga med nasjonale laksefjordar må følgjast opp med systematiske undersøkingar for å finna ut om tiltaket har den ønska effekten.
Kva planar har statsråden for å undersøkja effekten av dei nasjonale laksefjordane/vassdraga?

Begrunnelse

Noreg har eit stort ansvar for å verna villaksstammane, samstundes må det leggjast tilrette for næringsutvikling basert på våre naturgjevne fortrinn gjennom oppdrett av ulike artar. Det betyr at dei som satsar på oppdrett av laks og aure i fjordane våre, må ha vissa om at dei ikkje får skulda for reduksjonen av villaksstammane, dersom det eigentleg er andre faktorar som er syndaren. Samt at det vert arbeid for å identifisera "syndarane" slik at verksame åtgjerder kan setjast i verk. Det har vore nemnt at kraftutbygging i vassdraga våre, vegutbygging og bruk av kjemikaliar i samband med vedlikehald av veglekamen, uttak av sand i elvar osv. har påverka utviklinga av villaksstammane. Det har også vore peika på at villaksen har synt tilbakegang rundt heile Nord-Atlanteren. Det må leggjast tilrette for forsking knytt til dette fenomenet. Her er det naturleg at Noreg tek sin del av ansvaret og initiativet. Det er viktig å få fram resultat av tiltaka som vert sette i verk slik at det varige vernet vert mest mogeleg faktabasert.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Dei norske villaksstammane er påverka av ein rekke ulike faktorar, og tiltak på mange område er naudsynt om ein skal lukkast i å bevare bestandane også for framtida. Oppretting av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar er eit viktig bidrag i arbeidet med å sikre dei ville laksebestandane. Denne ordninga må sjåast i samanheng med ei rekke andre tiltak, mellom anna kalking, nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactulus salaris og generelle tiltak mot lakselus og rømt oppdrettslaks.

Eg er samd med stortingsrepresentant Tveiten i at det er viktig å få fram resultat av dei tiltak ein sett i verk. Dette gjeld ikkje minst eit såpass omfattande tiltak som etablering av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Da Regjeringa i St.prp. nr. 79 (2001-2002) la fram forslag til oppretting av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, blei det difor lagt vekt på at det skulle etablerast eit overvakingsprogram som kunne danne grunnlag for ei evaluering av ordninga. Det blei lagt opp til evaluering innan ti år, noe fleirtalet på Stortinget slutta seg til da dei behandla St.prp. nr. 79.

På oppdrag frå departementet har difor Direktoratet for naturforvaltning utarbeidd eit forslag til overvakingsprogram som kan danne grunnlaget for ei evaluering innan 10 år. Forslaget er utarbeidd i samråd med andre myndigheiter, forskingsinstitusjonar og næringsorganisasjonar. Departementet har sett behov for å sjå overvakinga i nasjonale laksevassdrag og laksefjordar i samanheng med anna overvaking, mellom anna av omsyn til ein best mogleg bruk av ressursar. Direktoratet for naturforvaltning er difor bedt om å utarbeide forslag til ei heilskapleg lakseovervaking som og omfattar overvaking av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Forslaget vil være klart nå i vår, og danne grunnlag for fastsetting av det endelige overvakingsprogrammet. Det vil være naudsynt å vente med ei full iverksetting inntil ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar er ferdigstilt, slik at ein har oversikt over dei vassdrag og fjordar som skal inngå.

Som tidligare varsla vil eg på vegne av Regjeringa legge fram ein stortingsproposisjon om ferdigstilling av ordninga hausten 2005. Her vil også det nærare innhaldet i overvakingsprogram og seinare evaluering bli omtalt.