Bjørn Jacobsen (SV): Kva er status for dei arresterte kurdiske borna i Mersin, og finn utanriksministeren det naturleg å ta opp forholda til kurdarane på generell basis når Erdogan kjem på besøk?
Begrunnelse
Noreg venter besøk av den tyrkiske statsministeren neste veke. Fleire ting tyder på at det over tid har vore ei betring på forholdet mellom Ankara og den kurdiske befolkninga. Trass i dette har det dei siste vekene vore fleire hendingar der kurdiske born og ungdom har blitt arrestert av tyrkisk politi. I samband med Newroz feiringa i Mersin vart seks barn i 12-14 års alderen arrestert.