Gjermund Hagesæter (FrP): Borge Garveri AS blei stifta i 1889 og er i dag det største garveriet i Noreg og også den største arbeidsplassen på Osterøy kommune med over 100 tilsette. Borge Garveri har i fleire tiår hatt svært stor fokus på miljøutfordringar. Fordi dotterbedrifta, Nye Osterøy Miljø AS, førebels er nekta å utvide handteringa av problemavfall står no heile bedrifta i fare for å måtte leggje ned.
Synest miljøvernministeren, på generelt grunnlag, det er god miljøpolitikk at norsk miljøvenleg produksjon vert flytta til lågkostland?
Begrunnelse
Borge Garveri AS og dotterbedrifta Nye Osterøy Miljø AS har i lang tid hatt sterk fokus på miljøutfordringar og har i dag internasjonalt sett svært høg miljøstandard. Respirentundersøkjingar i Lonevågen, utført av UiB, viser også store forbetringar på miljøet i sjøen dei siste 30 åra.
Dersom ikkje Nye Osterøy Miljø AS får løyve til å auke og utvide behandlinga av problemavfall vil økonomiske realitetar medføre at bedrifta truleg etter kort tid må leggje ned.
Det er ei bragd av Borge Garveri AS med 105 arbeidsplassar har klart å overleve i eit høgkostland med særnorske miljøkrav. Dersom vanskar frå styresmaktene får som konsekvens at bedrifta må avvikle, vil truleg garveri kapasitet i lågkostland måtte auke for å erstatte den produksjonen som i dag forgår på Osterøy. Produksjonen i lågkostland er langt meir forureinande enn produksjonen er på Osterøy. Ei slik utvikling vil derfor i tillegg til tap av norske industriarbeidsplassar også medføre at den globale forureininga aukar.
Det eg ønskjer svar på er om ei slik "eksportering" av forureining er ei ynskt utvikling, eller om miljøvernministeren er meir opptatt av nivået på den globale forureininga og at Noreg må oppretthalde og byggje vidare på den miljøkompetansen denne næringa har utvikla gjennom fleire tiår.