Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:788 (2004-2005)
Innlevert: 18.05.2005
Sendt: 19.05.2005
Besvart: 20.05.2005 av landbruks- og matminister Lars Sponheim

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Med bakgrunn i at eit utval skal bruke våren, sommaren og hausten til å vurdere veterinær vaktområda i Norge, på korleis måte har statsråden tenkt å handtere alt for stort veterinær vaktområde i til dømes kommunane Fræna, Eide, Averøy, Kristiansund, Frei og Gjemnes, der det vil være dyr på beite, sjuke dyr, ferieavvikling m.m. i mellomtida?

Begrunnelse

Mattilsynet har endra innstillinga frå LMD i høve at Fræna og Averøy vaktområde ikkje skulle utvidast, slik at dyrlegane i Fræna og Averøy i tillegg skal dekke Eide, Gjemnes, Kristiansund og Frei. Vaktområdet vil få 25 pst. av alle kyrne i Møre og Romsdal. Ingen andre vaktområdar i Møre og Romsdal kjem i nærheita i så mange dyr. Det store dyretalet og avstandane medrekna, tilseier at det er stor sannsynlig het for at sjuke dyr vil lide unødvendig og dø på grunn av at dyrlegen ikkje når fram i tide i distriktet. Fleire hevder at Mattilsynets forslag ikkje er forsvarlig for dyra, og dyrlegane i distriktet har på denne bakgrunn sagt nei til å delta i den nye veterinærvakta.
Mattilsynets forslag til nytt veterinært vaktområde vil helt klart redusere kvaliteten på veterinærtjenesten i vaktområdet. At til dømes Fræna som fylkets største husdyrkommune kan få fylkets dårligaste veterinærvakt, synest rimeleg sannsynleg.
Næringskomiteen kjem denne veka til å foreslå eit utval som skal sjå på dei nye vaktområda og konsekvensane for dyr og menneskjer. Problemet er at utvalet ikkje blir ferdig med sitt arbeid før til hausten.

Lars Sponheim (V)

Svar

Lars Sponheim: Etter at avtalen med Den norske veterinærforening (DNV) om klinisk veterinærvakt kom på plass i februar i år, blei det laga ulike forslag til geografisk inndeling av dei områda som skulle bli betjent av ein veterinær i periodar av døgnet med redusert vaktbemanning. Etter ordlyden i avtalen skulle ein veterinær dekke to vaktområde når bemanninga var redusert. Ein måtte altså følgje dei geografiske grensene for det enkelte vaktområdet. Dette gav dessverre ikkje den fleksibiliteten vi kunne ønskje i vaktordninga, men DNV kravde at vi gjorde ei inndeling i samsvar med ordlyden i avtalen.
Nå har vi blitt samde med DNV om nokre justeringar i avtalen som mellom anna opnar for at Mattilsynet, etter avtale med dei lokale veterinærane, får stor fleksibilitet når dei skal fastsette det området som skal dekkast av den einskilde veterinæren/vaktgruppa i visse periodar av døgnet. Med den avtaleendringa som nå er gjort, er det opp til veterinærane i samspel med Mattilsynet å finne gode lokale løysingar innanfor avtalens økonomiske ramme.
Det er skuffande at det framleis er ein del områder der veterinærane ikkje tek del i den vaktordninga vi har avtale om med DNV, men eg vonar at avtaleendringane legg til rette for at vi i løpet av kort tid kan ha ei fungerande vaktordning i heile landet, i samsvar med føremålet for vaktavtalen.