Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:860 (2004-2005)
Innlevert: 08.06.2005
Sendt: 09.06.2005
Besvart: 16.06.2005 av landbruks- og matminister Lars Sponheim

Jorunn Ringstad (Sp)

Spørsmål

Jorunn Ringstad (Sp): I samband med val av trasé for ny riksveg 2 gjennom Sør-Odal, har fleire alternativ vore utreda. Etter at det var gjort vedtak om alternativ Nord, på grunnlag av tilråding frå Miljøverndepartementet, er det kome fram at dette alternativet vil krevje heile tre gonger så mykje landbruksareal som dei andre alternativa.
Kva vil landbruksministeren gjere for å hinder tap av mykje jordbruksareal i denne saka?



Begrunnelse

Det har i mange år vore strid kring val av trasé for ny riksveg 2 gjennom Sør-Odal. Utgangspunktet for vedtaka som vart gjort, var ein tofelts veg. No er dette endra, og ein legg opp til firefelts veg. Det har og i perioden frå dei første planane vart utreda og fram til no, vorte dyrka nye landbruksområde der alternativ Nord er planlagd. Dette gjer at alternativet som no er vald, kjem til å ta om lag tre gonger så mykje dyrka mark som alternativa. Samstundes vil alternativ Nord dele opp mange eigedommar på ein uheldig måte.

Lars Sponheim (V)

Svar

Lars Sponheim: Spørsmålet gjeld konsekvensar av planlagt ny riksveg 2 gjennom Sør-Odal. Det har vore utreda fleire alternativ, eit søndre, eit midtre og eit nordre, samt fleire mellomløysingar. Dei ulike alternativa har vore vurdert opp mot kvarandre i forhold til med anna landbruksinteressa, miljøomsyn, trafikale forhold og økonomi. Alternativa vil alle medføre store beslag av landbruksareal.

Det er svært uheldig når gode landbruksareal blir omdisponert. Dersom det nasjonale mål om å halvere den årlege omdisponeringa av verdifulle jordbruksareal innan 2010 skal nås, er det viktig at landbruksareal vises spesielt omsyn i den kommunale og regionale planlegging. I den praktiske planlegging må ein rekne med at omsynet til jordvernet vegast mot andre viktige interesse i samfunnet.

Planlegging av vegar skjer etter plan- og bygningsloven. I vegsakar er det ofte Staten vegvesen som er tiltakshavar då dei har ekspertisen knytt til utbygginga. Da både utarbeidar og fremmar Statens vegvesen planen, men planen må godkjennast av kommunen. Kommunen har i denne saka vedtatt hovudalternativ Sør medan Staten vegvesen meinar hovudalternativ nord er den beste løysinga totalt sett. Det må i denne saka visast til plan- og bygningsloven § 20-5 femte ledd vedrørande bruk av motsegn. Dersom ein sektorinteresse har innvendingar mot planen kan den fremme eit motsegn. Eit motsegn kan lauses i mekling mellom kommune og fylkesnivået, men dersom dette ikkje fører frem må saka til avgjøring i Miljøverndepartementet. I denne saka fremma Statens vegvesen motsegn knytt til meirkostnader og negative trafikale forhold ved kommunens val av traséalternativ.

I saker som knytte seg til landbruksinteresser er det fylkeslandbruksstyret som har myndigheit til å fremme motsegn. Fylkeslandbruksstyret har i saksfremleggelsen uttalt seg negativt til alternativ nord og anbefalar at dette alternativet ikkje veljast ut frå omsynet til beslag av landbruksareal. Fylkeslandbruksstyret har likevel i si vurdering veid dei landbruksmessige konsekvensane av alternativ Nord opp mot andre omsyn og konkludert med at landbruksomsyna ikkje er tilstrekkelig tungtvegande til å fremme eit motsegn i denne saka.

Planen er nå endeleg vedtatt av miljøvernministeren, og eg kan ikkje sjå at det er noko grunnlag for å sjå annleis på saka enn det fylkeslandbruksstyret gjorde da planen var på høyring.