Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:906 (2004-2005)
Innlevert: 16.06.2005
Sendt: 17.06.2005
Besvart: 27.06.2005 av helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kva har departementet og Sosial- og helsedirektoratet føreteke seg for å fylgja opp statsråden sin lovnad om at fleire kommunar skulle få del i Pårørendesenteret i Stavanger sine erfaringar?

Begrunnelse

Eg viser til svar på spørsmål nr. 10 i Stortingets spørjetime 19. januar 2005. Der gav statsråden klart uttrykk for at Pørørendesenteret sin erfaringar skulle vurderast inn i eit arbeid han hadde sett i gong for å styrka arbeidet for pårørande. Senteret i Stavanger har ikkje høyrt eit ord frå departementet eller direktorat. Leiinga ved senteret har sjølv prøvd å ta kontakt for om mogleg å medverka til framdrift. Dei har ikkje lukkast med å få tilbakemelding. Eg føreset at statsråden fylgjer opp det han har sagt og ber om ei stadfesting av det.

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Sosial- og helsedirektoratet har fått i oppdrag frå departementet å lage eit forslag til tiltaksplan for pårørande- og brukararbeidet i psykisk helse.
Direktoratet opplyser at Landsforeningen for Pårørende innen Psykiatrien, LPP, har fått i oppdrag å lage eit forprosjekt/utkast til tiltaksplan i samarbeid med fleire av brukarorganisasjonane: ADHD-foreningen, Landsforbundet Mot Stoffmisbruk, Mental Helse Norge og Voksne for Barn.
Direktoratet vil invitere representantar for tenesteapparatet til møte i august slik at dei kan komme med innspel til forslaget til tiltaksplan før det skal sendast Helse- og omsorgsdepartementet. Blant disse er Pårørendesenteret i Stavanger, som direktoratet har vore i kontakt med.
Etter planen skal forslaget frå direktoratet vere ferdig i september.