Bjørn Jacobsen (SV): Korleis arbeider utanriksministeren aktivt for å bygge alliansar (mellom G10 og utviklingsland, G20, G90) for at innanlandsk jordbruksstøtte til matproduksjon for innanlandsk forbruk bør tillates, mens støtte til produksjon for eksport bør reduserast fordi det fungerer som dumping, og vil utanriksministeren anbefale ei WTO-løysing som reduserer norsk sjølvforsyningsgrad under dagens 50 pst. av maten som etes i landet på kaloribasis?
Begrunnelse
Framfor hovudrådsmøtet i WTO 27. juli 2005 arbeidast det for å komme langt i retning av formuleringar framfor ministermøtet i Hong Kong 13. desember 2005. Eg tenker spesielt på forhandlingane om redusert jordbruksstøtte, reduserte tollsatsar og økte kvoter for minimum marknadstilgang.