Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:935 (2004-2005)
Innlevert: 24.06.2005
Sendt: 24.06.2005
Besvart: 01.07.2005 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I samband med at NRK kuttar 10 stillingar innan kultur, er den einaste stillinga NRK har på dette feltet i Stavanger vedteken nedlagt. Det har vekt regional merksemd at NRK på denne måten nedprioriterer eit fylke som er på norsktoppen i kultursatsing. Det er ekstra grunn til undring at dette skjer i ei tid der Stavanger, den storbyen som brukar mest midlar på kultur, også førebur seg til 2008 og statusen som europeisk kulturby.
Er statsråden samd i NRK si prioritering, eller vil ho gjere noko?

Begrunnelse

Eg finn grunn til å minna om at verken Troms, Trondheim, Bergen eller Kristiansand vert råka. Desse kontora har høvesvis 1, 3, 2 og 3 kulturstillingar. Desto meir underleg, ja, uakseptabelt, synest det at kulturstillinga i Stavanger vert kutta.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: I min orientering til Stortinget 28. februar 2002, gjorde eg greie for styringa av NRK. Her peika eg mellom anna på at styringa med NRK, som for andre statseigde aksjeselskap, må skje på eit overordna nivå. Innanfor rammene av allmennkringkastingsoppdraget må styret og leiinga i selskapet ha stort handlingsrom.

Avgjerder som har direkte og vesentlege konsekvensar for sjølve allmennkringkastingstilbodet er derimot ei politisk sak. I slike høve vil vedtektene stilla krav om at saka blir lagt fram for generalforsamlinga til handsaming. Dersom det skulle bli aktuelt med vidfemnande endringar som får konsekvensar for programtilbodet, vil Kultur- og kyrkjedepartementet leggja saka fram for Stortinget.

I praksis vil dette seia at spørsmål som gjeld intern drift og organisering, må liggja innanfor det styret og leiinga i NRK sjølv har fridom til og ansvar for å avgjera.

Føresetnaden må vera at endringane ikkje svekker sjølve programtilbodet på område som ligg sentralt i allmennkringkastaroppgåva.

Som eg gjorde greie for i Stortinget, er det viktig å skilja mellom på den eine sida dei overordna prinsippa for allmennkringkastaroppdraget og på den andre sida korleis NRK vel å organisera seg og driva selskapet for å oppfylla dette oppdraget. Det første er ei politisk sak, det andre er det ikkje.

Ut ifrå dette er det mi vurdering at NRKs avgjerd om å kutta 10 stillingar innan kultur, ikkje skal handsamast politisk, korkje av meg som generalforsamling eller av Stortinget. NRK må ha fridom til å gjennomføra naudsynte omleggingar på ein måte som i minst mogleg grad går ut over kjerneverksemda og oppgåvene som allmennkringkastar.

Et forutsett at NRK vil dekkja kulturlivet i Stavanger på lik line med kulturlivet i landet elles, særleg i lys av status som Europeisk kulturby i 2008.