Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:34 (2005-2006)
Innlevert: 18.10.2005
Sendt: 19.10.2005
Besvart: 26.10.2005 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Avinor har dei siste åra vore gjennom ei viktig omorganisering og ein omstillingsprosess med sikte på betre tilbod, større tryggleik og betre effektivitet.
Korleis vil statsråden bidra til at denne prosessen ikkje blir forseinka?

Begrunnelse

Avinor har ei tid vore i gang med den store omstillingsprosessen Take-Off-05. Omstillinga har allereie ført til lavare overflygingsavgift, og ho vil bidra til at Avinor kan levere gode, sikre og rimelege tenester til kundane.
I Soria Moria-erklæringa blir det sagt at ein vil evaluere organiseringa av Avinor, "med sikte på best mulig ivaretakelse av samfunnshensyn, spesielt flysikkerhet". Det er vanskeleg å vurdere kva som ligg i dette, om det er nye prosessar som skal settast i gang og om noko av det viktige omstillingsarbeidet nå skal reverserast.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Eg har som mål at Avinor skal vere eit effektivt selskap slik at tilbodet til dei reisande i heile landet kan gjerast best mogleg. Samstundes må best mogleg flytryggleik vere mål nummer ein.
Regjeringa ønskjer å sjå nærare på organiseringa av Avinor. Eg er kjend med at leiinga i selskapet og delar av dei tilsette ikkje er samde i alle delar av omstillinga. Det har mellom anna kome fram ulikt syn på organiseringa av lufttrafikktenesta. Vidare viser eg til at Statens havarikommisjon for transport har vurdert flytryggleiken i lys av omstillinga i norsk luftfart. Sentralt i rapporten står mellom anna ei vurdering av omstillinga i Avinor. Departementet arbeidar for tida med oppfølging av rapporten.
Det er for tidleg å seie konkret korleis ei evaluering av Avinor vil bli gjort og kva for konsekvensar dette kan få for omstillingsprosessen, men betre tilbod, større tryggleik og betre effektivitet vil ha høg prioritet i denne prosessen.