Gunn Berit Gjerde (V): Vart oppkjøpet av Freia i si tid behandla etter ervervslova eller den gamle konsesjonslova, og kva slags grep kunne erverslova ha gitt høve til i samband med dagens situasjon i Freia som departementet ikkje kan nytte no?
Begrunnelse
I samband med planer om å flytte produksjon frå Freia Sjokoladefabrikk sine anlegg i Oslo til utlandet, sa statsekretæren i Nærings- og handelsdepartementet til TV2-nyhetene 9. november at oppheving av ervervslova var årsaka til at departementet ikkje kunne gjere noko i denne saka. Det heile var dermed regjeringa Bondeviks si skuld.
Eg ynskjer difor å få oppklara historia rundt eigarskiftet i Freia på slutten av 90-talet, og korleis erverslova, slik den var, kunne ha gitt regjeringa andre verkemiddel i den aktuelle saken. Eg ber departementet gjere greie for dei vilkåra som vart gitt dei nye eigarane av Freia i samband med oppkjøpet.