Petter Løvik (H): Kva gjer Regjeringa for å kome i inngrep med prosessen med å utforme ein heilskapleg "havpolitikk" for EU, og kva haldningar og posisjonar blir vektlagde frå norsk side?
Begrunnelse
EU-kommisjonen starta i mars i år arbeidet med å utforme ein heilskapleg "havpolitikk" for EU (jf. Kommisjonens vedtak av "Towards a future Maritime Policy for the Union: A European vision for the oceans and seas", av 2. mars 2005). Arbeidet blir leia av fiskeri- og havkommisær Joe Borg og eit utval av seks andre kommisærer (industrikommisær Verheugen, transportkommisær Barrot, miljøkommisær Dimas, regionalkommisær Hübner, forskningskommisær Potocnik og energikommisær Pieblags). Desse skal legge frem ei "grønbok" før sommaren 2006.
Noreg har suverenitet over, og forvaltar Europas største havområde. Vi har ei av Europas lengste kystlinjer og havområda er seks gongar større enn landarealet. Vår velferd er basert på berekraftig verdiskaping på og i tilknyting til havet. Norsk næringsliv er verdsleiande innan offshore olje- og gassutvinning, skipsfart, maritime tenester, teknologi og skipsbygging i tillegg til fiskeri- og havbruk.
EU-prosessen for utvikling av ein heilskapleg "havpolitikk" vil kunne få svært mykje å seie for Noreg - både direkte, innan ramma av EØS-avtalen, og indirekte gjennom EUs framtidige internasjonale politikk og rolle i havspørsmål og havrett. Dette kan også få innverknad for norsk handlingsrom og mulegheiter i nordområda.