Skriftlig spørsmål fra Olav Gunnar Ballo (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:210 (2005-2006)
Innlevert: 01.12.2005
Sendt: 02.12.2005
Besvart: 12.12.2005 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Olav Gunnar Ballo (SV)

Spørsmål

Olav Gunnar Ballo (SV): I Lerresfjord i Alta kommune har det gått flere ras som har sperret veien og medfører store konsekvenser og ulemper for lokalsamfunnet i form av redusert framkommelighet og berettiget angst for nye ras, også for skolebarn som skal passere rasutsatte områder. Utbedringskostnadene er så store at fylkeskommunen alene ikke er i stand til å dekke disse.
Hvordan vil statsråden bidra til at rasstrekningen kan evakueres for steinmasser, og at området kan sikres mot nye ras?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Eg er kjend med at fylkesveg 19 for tida er stengt for trafikk ved Vannberget i Lerresfjord, og at det gjekk ras både 17. oktober og 22. november 2005. Vegen blei rydda og opna for trafikk fire dagar etter det første raset. Skredmassane på vegen er ikkje rydda etter det siste raset, då området ovanfor vegen er vurdert til å vere for ustabilt til å slippe inn mannskap. Det er avdekka fleire større sprekkar i øvre del av skjeringa, og fleire store steinblokker kan rase ut. Desse steinblokkene må tas ned før vegen kan ryddast og skjeringa sikrast.
Sikringsomfanget er av ein slik storleik at det må gjerast eit grundig kartleggingsarbeid i forkant, for å ivareta tryggleiken. Fylkeskommunen, som er ansvarleg myndigheit, har bedt Statens vegvesen starte førebuingane, slik at arbeidet kan lysast ut så snart som mogleg. Tilbodsgrunnlaget er venta klart rundt 1. februar 2006. Det er rekna med at arbeidene tidlegast kan kome i gang i april 2006. Kostnadene er på dette tidspunktet svært usikre, men er venta å liggje i storleiksorden 4-6 mill. kr.
Det pågår no arbeid med å etablere eit mellombels ferjesamband forbi rasstedet, med forventa driftsstart tirsdag 13. desember. Dermed vert framkomsten sikra for innbyggjarar og lakseslakteriet inst i fjorden. Statens vegvesen har lagt fysisk til rette for drifta, men fylkeskommunen vil drifte ferja.
Eg legg til grunn at fylkeskommunen, som ansvarleg myndigheit for fylkesvegar, vil prioritere midlar til sikring av fylkesveg 19 i Lerresfjord innanfor fylkeskommunen sine budsjett. Eit eventuelt statleg tilskot til prosjektet må finansierast innanfor løyvinga til Finnmark på post 31 Rassikring. Løyvinga på denne posten kan brukast til tiltak både på riks- og fylkesvegnettet. Når det gjeld fordelinga av midlar frå denne posten i 2006 legg Statens vegvesen opp til ei endeleg avklaring mot fylkeskommunen for å sikre seg at den er i tråd med dei lokale prioriteringane.
Eg kan til slutt opplyse at Samferdselsdepartementet i sitt svar av 6. desember 2005 på brev frå Alta kommune om saka har gitt ei orientering om post 31 og at Statens vegvesen vil avklare prioriteringane med fylkeskommunen.