Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:223 (2005-2006)
Innlevert: 05.12.2005
Sendt: 06.12.2005
Besvart: 13.12.2005 av olje- og energiminister Odd Roger Enoksen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Energisituasjonen i Møre og Romsdal vil bli svært vanskeleg i åra framover. Frå lokalt hald er det framheva at det einaste som kan sikre familier og næringsliv nok elektrisk kraft er å bygge gasskraftverk i fylket. Frå regjeringspartia kjem det svært ulike og motstridande signal om realisme og framdrift i denne saka.
Korleis vurderer statsråden tidsperspektivet for gasskraft i Møre og Romsdal?

Begrunnelse

Energisituasjonen i Møre og Romsdal vil bli prekær om få år dersom det ikkje blir skaffa meir elektrisk kraft. Stadig fleire fagfolk snakkar om samanbrot og at det kan bli "svart" både i fabrikkar og heimar. Såkalla "nye" energiformer som vindkraft kan nok dekkje opp ein del av underskotet, men langt frå det meste. Nye småkraftverk og opprusting av eldre kraftverk vil også vere interessante bidrag, men monne etter måten lite. Nye overføringslinjer er planlagde, men dette er også svært langsiktige og kontroversielle prosjekt. Og det blir ikkje ein einaste ny kilowatt av å byggje linjer. Tvertimot har vi eit tap av energi ved lange overføringar. Den energien som eventuelt kan skaffast utanfrå vil dessutan stort sett vere langt meir forureinande enn gasskraft.
Det har frå politisk hald i Møre og Romsdal kome klare krav om at det må kunne byggjast gasskraftverk i fylket, og at det hastar med å kome i gang. Også mange representantar frå dei "raudgrøne" har uttrykt støtte til dette. Men i Sunnmørsposten 10. november i år sløkkjer olje- og energiministeren det meste av håp om løysing på energiproblemet i Møre og Romsdal.

"Et gasskraftverk i Møre og Romsdal ligger langt fram i tid, og er neppe løsningen for energisituasjonen for fylket", seier statsråden. Og han held fram: "Gasskraftkonsesjoner utover de tre som er gitt til Kårstø, Kollsnes og Skogn ligger langt fram i tid."

At det seinare har kome heilt andre signal frå andre representantar frå regjeringspartia, også stortingsrepresentantar, gjer det ikkje lettare å få oversikt over kva regjeringa eigentleg meiner. Saka tar til å haste svært mykje. Dette er bakgrunnen for at eg ber statsråden avklare tidsperspektivet.

Odd Roger Enoksen (Sp)

Svar

Odd Roger Enoksen: Det vert arbeidd med fleire gasskraftprosjekt. Statoil ASA planlegg å byggje eit gasskraftverk og utvide den eksisterande metanolfabrikken på Tjeldbergodden i Aure kommune i Møre og Romsdal. Gasskraftverket vil etter planen ha ein installert effekt på ca. 860 MW, og ein årleg produksjon av elektrisk kraft på ca. 7 TWh. Konsesjonssaka er nå til handsaming i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Saka blir handsama på vanleg måte og det er derfor ikkje naturleg for meg å kommentere saka ytterligare før eit vedtak føreligg frå NVE.
Eg er også kjent med at det har kome signal om industriutviding, framføring av gass og gasskraftverk ved Hustad Marmor, men det er for tidleg å seie noko konkret om desse planane og ein eventuell innverknad på kraftsituasjonen i Møre og Romsdal.
Det er eit hovedmål for Regjeringa å betre kraftsituasjonen både ved å auke tilgangen til kraft og å redusere veksten i bruken av straum gjennom energisparetiltak. Samtidig må hovudnettet for overføring av elektrisk kraft ha tilstrekkeleg kapasitet i heile landet. Midt-Noreg er eit område kor det er særlig viktig å fokusere på høva for å styrke overføringskapasiteten og auke energitilgangen.
Bruken av straum i regionen vil i dei nærmaste åra auke mellom anna som følgje av Hydro si utviding av aluminiumsverket på Sunndalsøra og Ormen Lange-utbygginga. Statnett har eit spesielt fokus på situasjonen i Midt-Noreg, og gjer nå fleire større nettinvesteringar i området knytt til desse prosjekta.
Midt-Noreg har også ein generell vekst i forbruket til allmenn forsyning. Statnett arbeider med fleire hovudvariantar av nye nettforsterkingar for å sikre forsyningstryggleiken i Midt-Noreg. Dette er tiltak som på lengre sikt vil vere med på å betre kraftsituasjonen i Midt-Noreg. Det kan også være nettmessige innsparingar knytt til etablering av ny produksjon i regionen.