Skriftlig spørsmål fra Arne Sortevik (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:254 (2005-2006)
Innlevert: 09.12.2005
Sendt: 09.12.2005
Besvart: 15.12.2005 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Arne Sortevik (FrP)

Spørsmål

Arne Sortevik (FrP): Gjennom svar på skriftlig spørsmål nr. 198 fra undertegnede opplyser statsråden at ekstern kvalitetssikring for Jondalstunnelen i Hordaland skal legge til grunn et innslag av KS1. KS1 vil omfatte kvalitetssikring før forprosjektering av et prosjekt starter. I St.prp. nr. 1 (2005-2006) om budsjett for Samferdselsdepartementet heter det på side 36: "KS1 vil inntil vidare ikkje bli teken i bruk i samferdselssektoren."
Vil statsråden sørge for at det ikke forsinker prosjektet ytterligere når Samferdselsdepartementet likevel har inkludert et innslag av KS1 i kvalitetssikringen?

Begrunnelse

Jeg viser til St.prp. nr. 1 (2005-2006) for Samferdselsdepartementet side 36 pkt. 3.11 Styring av store investeringer, samt omtale i Gul bok for 2005 og Finansdepartementet, St.prp. nr. 1 (2005-2006).
Det fremgår av Samferdselsdepartementets egen omtale at "KS1 vil inntil vidare ikkje bli teken i bruk i samferdselssektoren. Årsaka er at KS1 i sektoren er uavklart på fleire viktige punkt. Ikkje minst gjeld det innfasing av KS1 i høve til planprosessar i samsvar med plan- og bygningslova og innfasing av ordninga i forhold til prosessar knytt til Nasjonal transportplan".
Jeg viser også til definisjonen av KS1 som Samferdselsdepartementet oppgir: "KS1 vil omfatte ei kvalitetssikring før forprosjektering av eit prosjekt startar."
Det virker derfor meget underlig at kvalitetssikringen av Jondalstunnelen - som har vært under planlegging i mange år og som nå er på veg frem til behandling i egen stortingsproposisjon i forbindelse med godkjenning av finansieringsplan som inneholder bompenger - skal gjennom en delvis ny vurdering når det gjelder trasévalg.
Jeg viser videre til Samferdselsdepartementets egen redegjørelse i budsjettproposisjonen for 2005 der det på side 36, kolonne 2, er omtale av bruken av K2 i kvalitetssikringsarbeidet. Jeg siterer: "Nye prosjekt med kostnad over 500 mill. kr som vert omtalt i denne proposisjonen og som ikkje har blitt eksternt kvalitetssikra, vil bli kvalitetssikra i samsvar med KS2 før Stortinget vert invitert til å gi endelig løyve til anleggsstart." Jondalstunnelen er omtalt på side 130 i samme proposisjon.
Jeg viser også til den kvalitetssikringen som nylig er gjennomført for et annet viktig samferdselsprosjekt i Hordaland, Hardangerbroen, der jeg ikke kan se at tilsvarende føringer ble gitt for arbeidet som ble igangsatt i juli 2005 og avsluttet i august 2005.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Som eg svarte på spørsmål nr. 198 tek eg sikte på å leggje fram ein stortingsproposisjon om prosjektet Jondalstunnelen innan påske 2006. Eg har til grunn for eit slik tidsløp tatt omsyn til at kvalitetssikringa også skal omfatte "innslag av KS1". I denne samanheng inneber det å sjå nærare på trasévalet. Ei liknande kvalitetssikring blei gjort i samband med prosjektet Hardangerbrua.



Tilleggssvar 10. mars 2006:

Jondalstunnelen i Hordaland

Eg viser til mitt svar av 6. desember 2005 på spørsmål nr. 198 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Arne Sortevik. Eg viser også til mitt svar av 15. desember 2005 på spørsmål 254 til skriftlig svar frå stortingsrepresentant Arne Sortevik.

Eg svarte her at eg tek sikte på å leggje fram ein stortingsproposisjon om prosjektet Jondalstunnelen innan påske 2006. Dette føresette lokalpolitisk behandling slik at planvedtak samsvarande med fylkeskommunen sin finansieringsplan låg føre tidleg i 2006.

Behandlinga av prosjektet er ikkje fullførd lokalt. Fleire grunnleggjande sider ved saka er uavklart. Spesielt vil eg vise til at vedtekne reguleringsplanar i kommunane gir ei dyrare løysing enn den fylkeskommunen sin finansieringsplan gir rom for. Den uklare plansituasjonen må løysast på lokalt hald.

Når nødvendige lokale vedtak er fatta, må Statens vegvesen handsame saka. På vanleg måte må Vegdirektoratet deretter sende si endelege vurdering og tilråding til Samferdseldepartementet. Samferdselsdepartementet har som følgje av det ovanfor nemnde ikkje motteke saka for sluttbehandling, og det er uklart når dette kan skje. Departementet har likevel valt å ta initiativ til ekstern kvalitetssikring av prosjektet. Kvalitetssikringa er starta opp.

Departementet og regjeringa si vurdering av saka ligg derfor framleis noko fram i tid. Som følgje av dette, er ein proposisjon før påske ikkje lenger mogeleg. Eg vonar framleis at ein proposisjon om saka kan leggjast fram i 2006. Tidspunkt for anleggsstart for prosjektet er rimelegvis uavklart.