Skriftlig spørsmål fra Gunvald Ludvigsen (V) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:268 (2005-2006)
Innlevert: 13.12.2005
Sendt: 14.12.2005
Besvart: 21.12.2005 av miljøvernminister Helen Bjørnøy

Gunvald Ludvigsen (V)

Spørsmål

Gunvald Ludvigsen (V): Korleis vurderer miljøvernministeren krisen for den norske sjøfuglbestanden, og kva tiltak meiner miljøvernministeren er aktuelle for å bøte på den alvorlege situasjonen?

Begrunnelse

I ein rapport frå november 2005 frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane om sjøfuglteljingar i fylket, vert det slått fast at det nesten ikkje hekka måse langs kysten av Sogn og Fjordane i 2004 og det såg nokså svart ut for dei fleste andre fugleartane, men verst er det for raudnebbterne og makrellterne. Desse artane er snart å rekne for utdøydde i Sogn og Fjordane.
Dette er likevel ikkje berre eit Sogn og Fjordane-problem. Forskarar ved Norsk institutt for naturforskning slår og alarm. Til dømes seier dei at på kjente fuglefjell som Runde ved Ålesund, Vedøy i Røst og Hjelmøya i Finnmark er 98-99 pst. av lomvibestanden borte. Biologar og forskarar uttalar at situasjonen er svært dramatisk.
Eg reknar med at miljøvernministeren er minst like bekymra.

Helen Bjørnøy (SV)

Svar

Helen Bjørnøy: Det går fram av årsrapporten frå Det nasjonale overvakingsprogrammet for sjøfugl at tilstanden er kritisk for somme bestandar av sjøfugl langs kysten. Norsk institutt for naturforskning (NINA), som har utarbeidd rapporten, viser til at bestanden av lomvi, bestanden av krykkje, den nordnorske underarten av sildemåke og Skagerrakbestanden av fiskemåke er spesielt utsette. NINA tilrår at desse sjøfuglbestandane får spesiell merksemd med målretta innsats for å avdekkje dei viktigaste årsakene til den negative utviklinga. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har lagt fram rapport om sjøfuglteljingar i Sogn og Fjordane i 2005. Her blir det rapportert at teljingane i år stadfester samanbrotet i hekkebestandane av nesten alle sjøfuglartar i fylket i 2004, sjølv om situasjonen ser ut til å vere litt betre i år enn i fjor. Fylkesmannen i Hordaland rapporterte i 2004 til Miljøverndepartementet om at fleire av bestandane av fiskeetande sjøfugl på Vestlandet er nede på eit historisk lågmål.
Sjøfuglane er ein viktig del av kystnaturen og det marine økosystemet som vi må ta vare på. Eg ser difor med stor uro på tilbakegangen i bestandane av somme sjøfuglartar langs norskekysten.
For å kunne ta vare på sjøfuglane er det viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag. For å styrkje kunnskapen om sjøfugl starta Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet sjøfuglprogrammet SEAPOP våren 2005. Programmet vil gi eit betre kunnskapsgrunnlag for å ta avgjerder i spørsmål som gjeld tilhøvet mellom sjøfugl og menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona. Både miljøvernstyresmaktene og ulike sektorar vil kunne gjere seg nytte av denne kunnskapen. Det er lagt opp til ei styrking av midlane til SEAPOP i statsbudsjettet for 2006. Miljøverndepartementets budsjett til formålet blir styrkt med 4 mill. kr. I tillegg blir det ytt midlar over Olje- og energidepartementet sitt budsjett.
Opplysningane frå fylkesmannen i Hordaland om sjøfuglsituasjonen på Vestlandet har vore til vurdering hos fiskeristyresmaktene. Departementet har deretter sendt materialet til Direktoratet for naturforvaltning og bedt om direktoratet si vurdering av saka, inkludert ei vurdering av kva tiltak som kan medverke til å sikre livskraftige sjøfuglbestandar. Eg avventar no direktoratet si vurdering.