Gunvald Ludvigsen (V): Vil statsråden vurdere om pårørande bør ha høve til å få si sak prøvd av ei ny og uavhengig ekspert-/faggruppe innanfor ei fastsett tidsramme, i saker av liknande karakter som den ved Haukeland Universitetssykehus, altså Kristina-saken?
Begrunnelse
Eg viser til saka ved Haukeland Universitetssykehus kor Oddmund Hjartåker går til rettslege steg for å overprøve legane si avgjerd om at Hjartåker si dotter, Kristina, ikkje lenger bør få den handsaminga ho treng for å haldast i live.
Venstre meiner at alle slike saker til sjuande og sist må avgjerdast på eit medisinskfagleg grunnlag. I situasjonar kor pårørande ikkje vert samde i den medisinske avgjerda, meiner vi at ei uavhengig faggruppe bør koplast inn som ein nøytral part for å hjelpe pårørande og sjukehus til å kome til semje. Eit slikt uavhengig organ kan styrke pårørande sine rettar når det er usemje.
Dersom det framleis er usemje mellom partane, må den opphavlege handsamingseininga ha endeleg avgjerdsmynde.