Skriftlig spørsmål fra Gunn Berit Gjerde (V) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:387 (2005-2006)
Innlevert: 25.01.2006
Sendt: 25.01.2006
Rette vedkommende: Arbeids- og inkluderingsministeren
Besvart: 03.02.2006 av arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen

Gunn Berit Gjerde (V)

Spørsmål

Gunn Berit Gjerde (V): Ein afghanistansk familie med 2 vaksne og 5 born vart under ei reise i jula arresterte på flyplassen i Frankfurt på grunn av manglande identifikasjonspapir.
Vil utenriksministeren sørgje for at den norske ambassaden i Berlin gir hjelp til familien slik at dei snarast kjem seg attende til Ørsta der dei er busette og igjen kan vere i lag med dei tre andre borna som er att der?

Begrunnelse

Familien frå Afghanistan har lovleg opphaldsløyve i Noreg og er busett i Ørsta kommune. Før jul reiste foreldra og 5 av borna til Tyskland for å besøke vener. Resten av borna som er 18, 19 og 21 år er igjen i Ørsta. På veg heim til Noreg vart familien arrestert av tysk politi på flyplassen i Frankfurt Haaen på grunn av manglande godkjende identifikasjonspapir. Familien hadde bare med seg Postens ID-kort og namnelister med fødselsdato og bustadsopphaldsløyve i Noreg. Dette på grunn av at familiens advokat hadde opplyst at det var mogeleg å reise utan pass i Europa.
Politiet på Sunnmøre og Nye Kripos har sendt over dokumentasjon og bilder til tysk utanlandspoliti som identifiserer familien og stadfestar at familien har lovleg opphaldsløyve i Noreg. Likevel skal familien framleis vere fengsla og splitta. Foreldra skal være plassert i kvart sitt fengsel, medan borna skal vere plassert i barneheim, i påvente av sakshandsaming hjå tyske styresmakter.
Då familien ikkje er norske statsborgarar, har ikkje den norske ambassaden i Berlin ønskt å hjelpe familien, men har vist til UDI. Statssekretær hos arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen har i dag opplyst at dei har forsikra segt om at alle papir er sende over og har gjort alt dei kan gjere og viser til Utanriksdepartementet for vidare handling.


Bjarne Håkon Hanssen (A)

Svar

Bjarne Håkon Hanssen: Spørsmålet er overført til meg frå utanriksministeren.

Tyske styresmakter handsamar denne saka etter Dublin-regelverket og prosedyrane følgjer derfor desse reglane. Utlendingsdirektoratet mottok ei formell oppmoding om tilbaketaking måndag den 23. januar d.å. frå tyske styresmakter. Utlendingsdirektoratet opplyser at dei har godteke oppmodinga. Politiets utlendingseining har opplyst at familien kom tilbake til Noreg tysdag den 31. januar.

Når det gjeld norske identifikasjonsdokument, er det bare pass som kan nyttast til reiser i Schengen-området. Derfor blir ein oppmoda frå politiet til å ha med seg dette når ein reiser i Schengen-området.