Skriftlig spørsmål fra Gunn Berit Gjerde (V) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:398 (2005-2006)
Innlevert: 26.01.2006
Sendt: 26.01.2006
Besvart: 03.02.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Gunn Berit Gjerde (V)

Spørsmål

Gunn Berit Gjerde (V): Fleire fiskebåtreiarlag, mellom anna eitt på Smøla på Nordmøre og eitt i Lenvik i Troms, har no store problem på grunn av stoppen i struktureringsordninga som fiskeriministeren gjennomførte i haust utan varsel på førehand.
Kva vil fiskeriministeren gjere for å redde økonomien i desse reiarlaga og dermed redde mange viktige arbeidsplassar i kystdistrikta?

Begrunnelse

Det er fleire reiarlag som ikkje kom inn før skjeringsdatoen på 19. oktober 2005 som fiskeriministeren sette for å kunne gå vidare i struktureringsprosessen, men som likevel har kome for langt i struktureringsprosessen til å gå tilbake på det no. Reiarlaga har handla etter offisiell norsk fiskeripolitikk og er økonomiske offer for eit politisk skifte i fiskeripolitikken.
Mellom anna har eit reiarlag i Lenvik kommune gått i kompaniskap med eit anna reiarlag for å ha råd til å drive sin nye fiskebåt vidare med større kvoter og lønsemd for fiskarane om bord.
Eit anna reiarlag i det vesle fiskesamfunnet Veiholmen på Smøla hadde sendt søknaden om ervervsløyve før skjeringsdatoen, men fekk handsaming nokre få dagar etter fristen.
For begge desse reiarlaga, og fleire, som hadde innretta seg etter struktureringsordninga som var vedtatt og som såg sjanse til å kunne drive lønsamt fiskeri, er framtida no heilt usikker, Dei blir også påførte store økonomiske tap på grunn av sturktureringsstoppen.
Samleis påfører stoppen tap av mange viktige arbeidsplassar i kystdistrikt der det er vanskeleg å få anna arbeid.
Begge desse reiarlaga har gjennom brev tatt kontakt med fiskeriministeren. Det eine reiarlaget har til og med skrive ope brev til fiskeriministeren, gjengitt i Fiskeribladet, utan at det har kome svar på om korleis fiskeriministeren vil berge lønsemd og arbeidsplassar.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Eg vil først minne om at stoppen i bruk av strukturkvoteordninga, både for havfiskeflåten og kystfiskeflåten, vart sett i verk fordi Regjeringa ønskjer ein gjennomgang av konsekvensane av desse ordningane og ei vurdering av om ordningane skal endrast for framtida. Dette arbeidet er no i gang, i eit eige utval.
Vi har utforma eit regelverk for strukturpausen, gjennom instruksar frå departementet til Fiskeridirektoratet. Reglane opnar mellom anna for at ein søknad om strukturkvote kan handsamast dersom den er satt fram før 31. desember 2005 og det dreier seg om eigarar som søkjar om tildeling av strukturkvote på grunnlag av uttak av fartøy som ein hadde fått ervervsløyve og spesiell løyve eller deltakaradgang for, før 19. oktober 2005.
Det er ikkje opna for å gje dispensasjon frå dette kriteriet.
Det følgjer naturleg nok av dette at ikkje alle fiskebåteigarar og reiarlag kan gjennomføre sine tenkte struktureringar etter det gamle regelverket før denne vurderinga er avslutta og før Regjeringa har teke standpunkt til korleis strukturpolitikken skal være framover.
Dessutan vil eg minne om at driftsordninga for kystfiskeflåten er vidareført for 2006.