Åge Starheim (FrP): Det er stort behov for meir kraft i Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane er det eit betydeleg småkraftpotensial, men dårleg linjekapasitet gjer at dette potensialet ikkje vert utnytta. Det er ikkje lønnsamt for den enkelte utbyggjar av småkraft å stå for utbetringa av straumnettet i sin region. Senterpartiets lokale stortingsrepresentant, Erling Sande, har uttalt at staten må ta eit større ansvar for å løyse opp i problema.
Kva tiltak vil statsråden fremje for å imøtekomme sin partikollega sitt løfte om linjekapasitet?
Begrunnelse
På eit folkemøte i Hyen i november 2005 uttalte stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet at staten må ta eit større ansvar for problema som småkraftutbyggjarane møter. Fokus på møtet var den manglande nettkapasiteten. I Hyen kan det produserast kraft til å forsyne 15 000 husstandar, men det stoppes av dårleg linjekapasitet. I Balestrand kan det byggjast ut småkraftverk nok til å forsyne 10 000 husstander med straum, men også der vert stoppa prosjekta av dårlig linjekapasitet.
Nettdirektør i Sogn og Fjordane Energiverk, Asgeir Aase, meinar at det viktigaste staten kan gjere for å hjelpe desse prosjekta, er å la småkraftverk bli omfatta av elsertifikatordninga.
Fylkesordførar Nils R. Sandal uttalte i desember at han frykta at Sogn og Fjordane kan gå glipp av 700 mill. kr i verdiskaping som følgje av Soria Moria-erklæringas standpunkt om grøne sertifikat.
Kilder for utsegna:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.69967 http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.70572