Skriftlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:529 (2005-2006)
Innlevert: 01.03.2006
Sendt: 02.03.2006
Besvart: 14.03.2006 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Geiranger i Stranda kommune har kome med I UNESCO si verdsarvliste. Området vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa. For å gi mange høve til å oppleve dette er det viktig med trygg og sikker veg. Det er viktig å fullføre rassikringsarbeidet på riksveg 63 mellom Geiranger og Grotli, Stavbrekkfonna. Dette arbeidet vart starta opp i 2005.
Kva bidrag kan statsråden kome med for at ein nasjonal turistveg til Geiranger vert sikker, open og tilgjengelig, og at arbeidet med rassikring av riksveg 63 vert fullført?

Begrunnelse

Det var ei stor glede at arbeidet med å få Geiranger med på UNESCO si liste lukkast. Det er viktig at det potensialet det gir for turisme nasjonalt og internasjonalt vert utnytta. Skal turismen få blomstre i området, er ein avhengig av sikker framkomelegheit, og at vegen er open så tidleg som mulig til sommarsesongen. Til vanleg blir vegen opna i siste halvdel av mai, men i 2005 vart han ikkje opna før den 21. juni. Det kan vere tale om ein ny metode for rassikring i Stavbrekkfonna, og kanskje kan ein i slik samanheng nytte FoU-midlar. Eg har forstått det slik at det var FoU-midlar som vart nytt i 2005 for oppstart. No haster det med fullføring, slik at turistnæringa ikkje blir ytterlegare skadelidne. Statens vegvesen har rekna med at kostnadene for fullføring vil vere i overkant av 10 mill. kr.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Riksveg 63 Geirangervegen er viktig for turistnæringa i fylka Møre og Romsdal, Oppland og Sogn og Fjordane. Vegen ligg utsett til både for snø- og steinras, spesielt om våren ved Stavbrekka i Oppland og Kvanndalsbotnen i Møre og Romsdal. I Stavbrekka går det normalt eit om lag 300 meter breitt ras, utløyst 250 meter over vegbanenivå, kvar vår. Det blir ikkje vurdert som forsvarleg å brøyte/opne vegen for trafikk før rasområdet i Stavbrekka er vurdert som ufarleg. Statens vegvesen sitt mål er å opne vegen innan 1. juni. Dei siste 30 åra har opning gjennomgåande vore i andre halvdel av mai. I 1976 opna vegen fyrst 25. juni, i 1997 10. juni og i 2005 21. juni.
Som følgje av ekstraløyvinga på 50 mill. kr til rassikringstiltak i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005, blei det løyvd 3 mill. kr til å prøve ut sikring av Stavbrekkfonna. Planen er å prøve ut om bygging av kraftige fanggjerde oppe i rasområdet kan hindre at snømassane glir ut. Dette er ei løysing på forskingsstadiet, og må derfor prøvast ut i liten skala for å sjå om det fungerar.
Det er to område som er planlagt sikra på Stavbrekkfonna. I løpet av hausten 2005 blei den austlege delen sikra med snøanker, som er paraplyliknande stålkonstruksjonar. Arbeidet måtte stansast på grunn av snøfall 1. oktober. Då stod det att å montere 58 snøanker av totalt 230.
Det er føresett at forsøket skal evaluerast våren 2006. I april 2006 er det lagt opp til å synfare området med helikopter. Det er fyrst når området er trygt for ras at området kan synfarast til fots. På tre snøanker er det montert sensorar for å kunne påvise faktisk belasting på stålkonstruksjonen. I tillegg skal kvart enkelt snøanker undersøkjast for å kunne fastslå om dei har tålt vinteren og trykket frå den store snømengda.
Dersom forsøksprosjektet viser seg å vere vellukka, vil Statens vegvesen vurdere om ein skal gå vidare med prosjektet. Dei faktiske kostnadene for arbeidet som er utført er på 4,3 mill. kr. Det står att å sikre det største rasområdet i vest, og å fullføre sikringa som er starta opp i aust. Dette inneber at det må monterast 500-600 snøanker i det eine rasområdet, og om lag 60 snøanker i området der rassikringa er starta opp. Kostnadene for å sikre begge områda ved Stavbrekka er rekna til 15-20 mill. kr. Dette ligg ikkje inne i handlingsprogrammet for perioden 2006-2009.
Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til saka etter evalueringa våren 2006.