Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:566 (2005-2006) Innlevert: 07.03.2006 Sendt: 08.03.2006 Besvart: 17.03.2006 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad
Gunvald Ludvigsen (V): Eg viser til helse- og omsorgsministeren og landbruks- og matministeren sine utgreiingar om tiltak i høve fugleinfluensaen 7. mars 2006, og spørsmålet underteikna stilte til statsråd Brustad og hennar svar. På bakgrunn av dette, kan eg få ei fullstendig oversikt over isolatkapasiteten ved norske sjukehus?
Sylvia Brustad: Behov for isolat vil variere med talet på innlagde pasientar med isoleringstrengande diagnosar. I tilfelle det oppstår behov for å hjelpe svært mange menneske med smittsame sjukdommar samtidig, som til dømes ved pandemiar (epidemiar som blir spreidd over heile verda), er det etablert lokale, regionale og nasjonale system som skal tre i kraft. Dei viktigaste tiltaka som blir sett i verk i ein slik situasjon er forankra i den Nasjonale beredskapsplanen for pandemisk influensa, som vart revidert 16. februar 2006, og etter råd frå pandemikomiteen. Komiteen skal gi råd til departementet ved førebuing til, under og etter pandemiar. Kommunane, fylkeskommunane og dei regionale helseføretaka er i lov om helsemessig og sosial beredskap pliktige til å utarbeide beredskapsplanar for dei helse- og sosialtenestene dei har ansvar for. Tal frå Statens helsetilsyn mars 2006 viser at alle fem regionale helseføretak, alle 32 helseføretak og 400 av 431 kommunar har slike planar. Alle dei regionale helseføretaka og alle kommunane, med eit unntak, har beredskapsplanar etter smittevernlova.Sosial- og helsedirektoratet, Statens helsetilsyn og fylkesmannen følgjer opp for å sikre at nødvendig planverk er på plass i løpet av 2006. Dei følgjer samtidig opp kommunane og helseføretaka sitt arbeid med å betre kvaliteten på eksisterande planar. Det er eit mål å utvikle beredskapen mot atom-biologiske og kjemiske hendingar (ABC). Regjeringa har difor sett av eigne midlar for 2006 slik at landsfunksjonen for behandling av ABC-skader ved Ullevål universitetssykehus skal utviklast vidare. Nasjonalt folkehelseinstitutt og Sosial- og helsedirektoratet har i fellesskap revidert ein eigen vegleiar som er utarbeidd; 'Isoleringsveilederen - Bruk av isolering for å forebygge smittespredning i helseinsitusjoner'. Den reviderte versjonen vart ferdig i april 2004. I vegleiaren står det mellom anna at smitte kan skje på ulike måtar og i ulikt omfang, og at beredskap for isolering må ta høgde for dette. Der står mellom anna:"Det kan ikke angis et nasjonalt normtall for hvor mange isolater av ulike kategorier som er nødvendig ved den enkelte helseinstitusjon. Det regionale helseforetaket har det overordende ansvaret for behovsvurderingen og skal sørge for at det finnes et tilstrekkelig antall rom til isolering. [...] Det skal gjøres en risiko- og behovsvurdering der en rekke faktorer må tas med i beregningen."Grove estimat syner at det er meir enn 550 isolat i Noreg pr. i dag. Enkelte regionale helseføretak melder til departementet at dei planlegg å lage fleire isolat. I pandemiplanen er eitt av elementa også at det skal ligge føre retningslinjer for plassering av pasientar i sjukehusa, inkludert reservelokale i og utanfor institusjonen. Det viktigaste i denne situasjonen er at vi er godt førebudde på å bruke dei ressursane vi har på beste måte. Eg kjenner meg trygg på at vi har ei god ramme med dei beredskapsplanane som no er utarbeidd, og har tillit til at vi er førebudde så godt som råd for å handtere spreiing av smittsame sjukdommar både i liten og stor skala.