Skriftlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:576 (2005-2006)
Innlevert: 08.03.2006
Sendt: 09.03.2006
Besvart: 15.03.2006 av landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Åknes i Stranda kommune og Heggeruaksla i Norddal kommune er ein svært alvorleg trussel for liv og helse for befolkninga i mange kommunar langs Storfjorden. Trusselen frå desse fjellskredområda må takast på alvor av Regjeringa, då dette kan vere Noregs største moglege fareområde for ei stor naturkatastrofe med dertil svært alvorlege flodbylgjer. Gjennom media har ein fått inntrykk av at Regjeringa ikkje vil følgje opp med ekstra løyvingar for 2006.
Kva vil statsråden gjere for at sikringsarbeidet ikkje vert utsett?

Begrunnelse

Åknes/Tafjord-prosjektet er godt i gang med kartlegging av dei ustabile fjellområda samt etablering av eit operativt beredskapssystem. Viss Regjeringa ikkje følgjer opp med meir midlar, vil det føre til at prosjektet må utsetjast og halverast. Prosjektet går no over i ein beredskapsfase, og på Åkerneset krev det plassering av omfattande beredskapsutstyr og plassering av overvakingsutstyr. Ein treng meir midlar for å få fortgang i overvakinga av rasfaren i indre Storfjorden. Bondevik II-regjeringa foreslo 15 mill. kr i midlar i 2006, og ville kome med den resterande løyvinga i Revidert nasjonalbudsjett 2006, når ein ville få oversikt over kor mykje ein eksakt trengte for å få fullført dette viktige arbeidet, og om der var midlar til overs for 2005. Det har no kome fram informasjonan at ein treng totalt 31 mill. kr til sikringsarbeidet for 2006.

Terje Riis-Johansen (Sp)

Svar

Terje Riis-Johansen: To store fjellparti, Åknest i Stranda kommune og Hegguraksla i Norddal kommune, er ustabile og det er risiko for fjellskred med påfølgjande flodbølgje. Staten har engasjert seg i arbeidet med etablering av overvakings- og beredskapstiltak i samband med desse fjellpartia.
Styret for Statens naturskadefond som administrerer statens naturskadeordning vedtok å gi 3 mill. kr i tilskott til undersøkingar og installering av overvakingsutstyr i 2004.
I 2005 søkte kommunane gjennom Åknes-/Tafjordprosjektet om 21,85 mill. kr i tilskott. For å gjere det mogleg å prioritere dette arbeidet blei løyvinga til sikringstiltak mot naturskadar auka med 21,5 mill. kr frå 8,089 mill. kr til 29,589 mill. kr i samband med Stortinget si behandling av Revidert nasjonalbudsjett våren 2005.
I budsjettproposisjonen for 2006 blei det gjort framlegg om ei løyving til sikringstiltak mot naturskadar på totalt 23,348 mill. kr. Av dette var 15 mill. kr i si heilheit øyremerka til vidareføring av Åknes-/Tafjordprosjektet. Stortinget gjorde vedtak i tråd med dette.
Staten har altså så langt løyvd til saman 39,5 mill. kr til prosjektet. Det er no ein vesentleg del av den årlege løyvinga til sikringstiltak mot naturskadar som går til dette sikringsprosjektet. Dette viser at staten tar ansvar, og at prosjektet har høg prioritet frå staten si side, i konkurranse med mange andre viktige sikringsprosjekt i fleire andre kommunar rundt om i landet.
Departementet legg til grunn at dei undersøkingane og overvakingstiltaka som til no er gjennomførte allereie gir befolkninga ein betre tryggleik som grunnlag for evakuering ved eit eventuelt fjellskred enn det som var situasjonen før prosjektet blei satt i gang. Eg er klar over at utfordringane som kommunane her står overfor er krevjande både med omsyn til kompetanse og økonomi og at arbeidet er avhengig av statleg medverknad i investeringsperioda. Når det gjeld staten sitt engasjement i dette arbeidet, vil vidare løyvingar bli avgjort gjennom dei ordinære budsjettprosessane.