Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:609 (2005-2006)
Innlevert: 15.03.2006
Sendt: 16.03.2006
Besvart: 23.03.2006 av landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Smitta kjøt med den farlege E. coli-bakterien har gjeve fleire tilfelle av alvorleg nyresvikt hjå born. Mattilsynet leiter framleis etter smittekjelda. Dei meiner at det er stor sannsynlighet for at den kjem frå slakteri i Gilde. Ifølgje media vart tonnevis med kjøt, som kan vere smitta, aldri trekt tilbake frå marknaden. Dette skjedde i forståing med Mattilsynet.
Korleis vurderer landbruks- og matministeren Mattilsynet si rolle i denne saka?

Begrunnelse

Fleire born har den siste tida vorte sjuke med alvorleg nyresvikt. Desse er smitta med den farlege E. coli-bakterien. Mattilsynet meiner at kjelda er smitta kjøt frå Gilde.
Ifølgje media har Mattilsynet tillate sal av kjøt som kan vera smitta med den farlege E. coli-bakterien til industrikundar. Gilde og Mattilsynet skal ha vorte samde om dette, med den grunngjeving at når kjøtet vart varmebehandla ville E. coli-bakterien verta drepen. Produkta kunne såleis seljast som ferdig steikt vare.
Det er svært alvorleg dersom Mattilsynet har gitt slike råd. Det kan svekka både tilliten til Mattilsynet, og det kan gjera noko med tryggheten for at den maten som vert omsett trygt kan etast, utan frykt for at den er smitteinfisert.
Her må omsynet til folkehelsa gå føre økonomiske omsyn i næringa. Folk må kjenna seg sikre på at maten er trygg.
I tillegg kjem det faktum at smittekjelda enno ikkje er funnen. I denne situasjonen må restriksjonane vera svært strenge, og søket etter smittekjelda må utførast i stor bredde.

Terje Riis-Johansen (Sp)

Svar

Terje Riis-Johansen: Det er påvist fleire alvorlege tilfelle av hemolytisk-uremisk syndrom (HUS) hos barn i Noreg som følgje av smitte frå bakterien E. coli 0:103. Eitt barn har dødd av sjukdommen. Ut i frå epidemiologiske undersøkingar vurderte Folkehelseinstituttet den 24. februar 2006 at den mest sannsynlege smittekjelda for E. coli 0:103 var kjøttdeig frå Gilde.

Mattilsynet og Folkehelseinstituttet har halde helse- og omsorgsministeren og meg fortløpande orientert. Mattilsynet og Folkehelseinstituttet har gitt meg denne framstilling av saka:

Fredag 24. februar 2006 varsla Folkehelseinstituttet Mattilsynet om at Gilde kjøttdeig truleg var årsak til HUS hos seks barn. Mattilsynet kontakta Gilde same dag, og ut i frå opplysningar om bustadane til dei smitta barna samt distribusjonsmønsteret til Gilde, vurderte ein at Gilde sitt anlegg nr. 103 på Rudshøgda var den mest aktuelle smittekjelda. Gilde sette umiddelbart i verk tiltak. Produkt vart enten trekte attende eller tillate for varmebehandling hos verksemder godkjende for dette. Ifølgje Mattilsynet vil industriell varmebehandling i godkjende produksjonsanlegg normalt eliminere smittefare. Tiltaka som Gilde sette i verk, vart av Mattilsynet vurdert som tilstrekkelege og høvelege for å hindre ytterlegare smittespreiing, basert på dei vurderingane og den informasjon som var tilgjengeleg om aktuell smittekjelde. Saka tok ei ny vending mandag 20. mars 2006 då Folkehelseinstituttet på grunnlag av ytterlegare pasientopplysningar, som hadde kome etter kvart som fleire pasientar og pårørande har vorte intervjua, endra si vurdering av kva som er den mest aktuelle smittekjelda. Mattilsynet sette då umiddelbart i verk mellom anna tiltak i forhold til Folkehelseinstituttets nye vurdering av saka. Dette førte til at Mattilsynet ikkje gjorde vedtak om å trekkje tilbake ein del produkt som Gilde skulle ha trekt tilbake umiddelbart etter 24. februar.

Matlova slår fast at det er verksemdene som har ansvar for at alt relevant regelverk og alle krav etter loven vert følgde. Verksemdene skal umiddelbart sette i verk tiltak for å førebyggje, redusere eller eliminere eventuelle skadeverknader ved mistanke om helseskadelege næringsmiddel m.m., inkludert stansing av omsetjing og tilbaketrekking. Verksemdene har òg ei plikt til å varsle Mattilsynet.

Mattilsynet har ansvar for tilsyn og kontroll med verksemdene, men har òg eit ansvar for å påleggje verksemdene å trekkje tilbake, destruere m.m. dersom verksemdene ikkje i tilstrekkeleg grad gjennomfører sine plikter etter lova. Mattilsynet har òg ansvar for tilstrekkeleg og relevant informasjon til allmenta.

Denne ansvarsfordelinga er i tråd med prinsipp om moderne tilsynsfilosofi som er nedfelt i St.meld. nr. 17 (2002-2003) Om statlige tilsyn. Eit grunnleggjande prinsipp, og føresetnad for Mattilsynets virke, er omsynet til å sikre forbrukaranes liv og helse. Det går klart frem av både Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) og av matlova sjølv, at lovens hovudformål er å sikre at næringsmiddel er trygge. Ved interesseavveging mellom ulike omsyn, skal omsynet til helse ha avgjerande vekt.

Ved etableringa av Mattilsynet og vedtakinga av ei ny matlov var behovet for ei klar og ryddig rollefordeling mellom aktørane på matområdet eit sentralt tema. Å skape ein klarare skilnad mellom fag, forvaltning og politikk var eitt av prinsippa som vart lagt til grunn. Tilsynet har høg grad av sjølvstende i tilsynsarbeidet. Det leggjast vidare til grunn at departementa normalt ikkje instruerer eller grip inn i enkeltvedtak fatta av Mattilsynet i sitt ordinære tilsynsarbeid. Klagebehandling i enkeltsaker avsluttes i all hovudsak internt i Mattilsynet. På denne måten skapast den naudsynte tillit til tilsynets arbeid og forvaltning av regelverket.

Det parlamentariske ansvaret for Mattilsynets virke er delt mellom helse- og omsorgsministeren, fiskeri- og kystministeren og meg sjølv. Denne konkrete saken rører ved ansvarsområda til helse- og omsorgsministeren og meg, men i all hovudsak tilhøyrer den konkrete saka helse- og omsorgsministeren sitt parlamentariske ansvarsområde. Etter matlova har helse- og omsorgsministeren blant anna ansvaret for regelverk som regulerer omsynet til human helse etter primærproduksjon, det vil si frå og med slakting til og med at dei ferdige produkta vert omsett til endeleg forbruker i butikkane. Mitt ansvar etter matlova strekk seg stort sett fram til og med primærproduksjonen. I tillegg er Landbruks- og matdepartementet administrativt ansvarleg for Mattilsynet.

Det er Mattilsynet som på fagleg grunnlag, om nødvendig etter samråd med aktuelle faglege organ, som for eksempel Folkehelseinstituttet, fattar avgjerder og vurderer nødvendige tiltak i tråd med det tilsynsansvar dei har etter matlova. Mattilsynets rolle er dermed etter mi vurdering ivaretatt slik Stortinget har føresett at den skal utøves.