Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:654 (2005-2006)
Innlevert: 20.03.2006
Sendt: 21.03.2006
Besvart: 29.03.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Kva betyr det for finansieringa at Stad skipstunnel skal vere eit "nasjonalt" prosjekt, og kva er hovudtanken bak at Regjeringa nå vurderer å skaffe midlar til tunnelen med såkalla "prosjektfinansiering"?

Begrunnelse

Sentrum-/Høgreregjeringa foreslo hausten 2005 at spørsmålet om Stad skipstunnel skal leggjast fram for Stortinget i 2006, og at eit såkalla Offentleg Privat Samarbeid (OPS) skal vurderast. I eit OPS-prosjekt kan t.d. privat kapital brukast til å bygge, medan Staten heile tida eig tunnelen og betaler ned kapitalen over fleire tiår. Fiskeri- og kystministeren har seinare stadfesta at dette vil bli vurdert.
I Sunnmørsposten 16. februar i år slår ein annan statsråd, samferdselsministeren, m.a. fast at saka om Stad skipstunnel ikkje vil kome som ein del av budsjettet i haust, men som eiga sak. På spørsmål frå journalisten om korleis tunnelen skal finansierast svarer statsråd Navarsete slik: "Dette blir et nasjonalt prosjekt, og vi utreder nå mulighetene for å få på plass en ny finansieringsmodell som går på prosjektfinansiering." Dette er interessante, men uklare uttalar.
Det som er uklart er om "nasjonalt prosjekt" eller "prosjektfinansiering" kan tilføre ekstra midlar. Nokre legg i "nasjonalt prosjekt" at dette betyr at det skal kome pengar i tillegg til det som ligg i tidlegare vedtekne handlingsplanar. "Prosjektfinansiering" er sjølvsagt interessant sidan dei fleste legg i dette at ein sikrar full finansiering og optimal framdrift før ein set i gang med bygging.
Men særleg mykje nytt er det vel ikkje i dette utan at det blir følgt opp med friske midlar i tillegg til det som allereie finst.
Eg ventar ikkje at statsråden skal konkludere detaljert her, men sidan desse omgrepa er blitt mykje brukte i det siste, kunne det vere greitt med ei avklaring av kva som er tankane bak. Eg er så optimistisk at eg trur ei slik avklaring kunne vere nyttig for den vidare debatten om ei viktig sak.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: I St.prp. nr. 1 (2005-2006) for Fiskeri- og kystdepartementet har ein gjort greie for status og vidare oppfølging av Stad skipstunnel. Bakgrunnen for den vidare oppfølginga går fram av St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015. Sjølv om nytte-kostnadsrekningar tilseier at prosjektet ikkje er samfunnsøkonomisk lønnsamt, varsla ein i meldinga at arbeidet med å vurdere Stad skipstunnel skulle halde fram, fordi ein nytte-kostnadsanalyse ikkje nødvendigvis fangar opp alle positive verknader av prosjektet. Vidare la ein til grunn at Stad skipstunnel bør vurderast i samanheng med den samla transportstrukturen i regionen.

Kystdirektoratet har på bakgrunn av omtale i nemnde St.prp. nr. 1 (2005-2006) og Nasjonal transportplan 2006-2015 blitt bedt om å gjere nokre tilleggsvurderingar om Stad skipstunnel, mellom anna spørsmål om Offentlig Privat Samarbeid (OPS) og oppdaterte nytte-kostnadsrekningar. Ein vil også arbeide vidare med vurderingar av ulike finansieringsformer. I den samanheng kan ein nemne at Regjeringa vil vurdere eit eventuelt opplegg for prosjektfinansiering for samferdselsprosjekt.

Stad skipstunnel er eit prosjekt av ein størrelsesorden som gjer det naturleg å vurdere dette i samanheng med heilskaplege transportløysingar på tvers av transportsektorane. Den regionale dimensjonen er særs viktig i så måte. Ein vil også vurdere nasjonale verknader av skipstunnelen i den grad det er aktuelt.

I tråd med St.prp. nr. 1 (2005-2006), og som eg tidligare har gjort greie for i svar på spørsmål i Stortingets spørjetime 23. november 2005, vil spørsmålet om ei eventuell realisering av Stad skipstunnel bli lagt fram for Stortinget i 2006. Eg vil da også leggje fram moglege finansieringsløysingar.